Kjekke og sosiale fredagslunsjar ved Gursken oppvekstsenter

Kjekke og sosiale fredagslunsjar ved Gursken oppvekstsenter

Gursken oppvekstsenter har fredag 2.februar og 9.februar hatt besøk av nokre smilande, kjekke og dyktige damer som har laga lunsj til elevane. 

Larsnes helselag Gursken oppvekstsenter

 

Fredag 2.februar var det Larsnes helselag som tok turen over Skaret. Dei laga nydeleg lunsj til elevane på ungdomsskulen. 

Neste fredag, den 9.februar, kom Haugsbygda kvinne- og familielag på besøk. Dei laga lunsj til heile skulen. 

Med ein stasjon kvar  for barne og ungdomsskulen, så fungerte dette fint.  Elevar og lærarar var fornøgde og synest dette var eit godt og sosialt tiltak.

Skulen takkar for at desse dyktige damene vil kome og glede dei i kvardagen. Felles måltid er heilt supert!

 

Haugsbygda kvinne-og familielag - Klikk for stort bileteHaugsbygda kvinne-og familielag Gursken oppvekstsenter