Julehelsing frå ordføraren

Julehelsing frå ordføraren

Så er tida komen; sjølvaste julafta etter ei fin adventstid i glede og forventning. Sjølvsagt ikkje heilt utan kav og stress. 

ordførar - Klikk for stort bileteDag Vaagen Einar Ekroll

Eg nyttar høvet til å rette stor takk alle som har bidrege til dei mange flotte arrangementa i bygdene våre: barnehagar og skular med flotte juleavslutningsfestar, Lucia-markeringar i fleng, jubileumsfesten til Sande kulturskule, og til korpsa og kora våre med solistar, som har fylt opp kyrkjene våre til fest- og høgtidsstunder på rekke og rad. Vi er verkeleg stolte av dokke!

 Jula er  ei gledestid, men også ei tid for vemod og sakn etter nokon som ikkje lenger er blant oss. Og nokre kjenner seg einsame, nettopp i jula. Såleis er jula også ei tid for omtanke. Slå ring om kvarandre.

 

God jul og godt nytt år til alle!

Dag Vaagen

ordførar