Juleglede og matkasser

Juleglede og matkasser

Dei siste dagane har Sande Frivillegsentral jobba med å pakke matkasser. Dei har pakka og levert ut 30 matkasser. Dette er godt jobba! Sande Frivillegsentral vil rette ei stor takk til alle gode hjelparar som har bidrege inn mot dette. 

 

Julegåver - Klikk for stort bileteJulegåver Sande Frivillegsentral

Leiar for Sande Frivillegsentral, Ann-Kristin Brekke Oksavik, ønsker å framsnakke alle butikkane for eit fantastisk samarbeid. - Dei har bestilt inn og pakka det vi har spurt etter – og har verkeleg vore på tilbodssida. 

Sande Frivillegsentral har handla inn til matkassene hjå alle dei fem butikkane i kommuna. Både Coop Kvamsøy og Coop Sandsøy har vore utruleg kjekke og frakta det på ferja til Sande Frivillegsentral – Dette var til stor hjelp! 

Joker Larsnes, Joker Gursken og Coop Gjerdsvik hadde alt klart til Sande Frivillegsentral då dei kom og henta. Det inkluderte også det dei ønskte å bidra med sjølve til matkasseprosjektet.

Butikkane i Gjerdsvika, Gursken, Larsnes, Kvamsøy og Sandsøy samla inn gåver og julegodis i november og desember til dette føremålet. Gjevargleda har vore stor! Sandsøy leverte inn heile 50 gåver – og i dei andre butikkane var også gjevargleda stor!  

Ferjemannskapet har vore hjelpsame med å frakte mat på ferja. I tillegg hjelpte dei å bere all maten og gåvene. 

Det er fint å få til samarbeid på tvers - Tenk alt vi får til då! Sei Ann-Kristin Brekke Oksavik.

Sande Frivillegsentral ønsker å rette ein stor takk til innbyggjarane i kommunen som har kome med støttande ord, gitt gåver og alle som har vippsa til prosjektet! 

Brekke Oksavik sier ho ikkje hadde klart dette aleine utan alle gode hjelpande hender. Ho ønsker samtidig å takke dei frivillige som stod på under pakkinga.

 

Leiar for Sande Frivillegsentral er takknemleg for innsatsen og avsluttar med eit ønske om God Jul.