Inspirerande dag med Hedvig Montgomery

Inspirerande dag med Hedvig Montgomery

Foto: Iselin Nevstad Øvrelid  Torsdag 17.03.22 var tilsette i barnehagar, PPT og helsestasjon med på ein inspirerande og lærerik dag med psykolog Hedvig Montgomery i Fosnavåg konserthus.

Ein av landets mest kjende psykologar

Hedvig Montgomery er ein av Noregs kjende psykologar og er spesialist innan familie- og parterapi. Hedvig Montgomery er ein dyktig føredragshaldar, med over 20 års erfaring frå arbeid med born og familiar. Montgomery er deleigar av praksisen Montgomery AS, og står bak den internasjonalt bestseljande bokserien «Foreldremagi», som er omsett til 23 språk. I samarbeid med Aftenposten har ho kvar veke podcasten og A-magasinspalta Foreldrekoden.

Kommunikasjon i relasjonar var tema for foredraget denne fagdagen.

Hedvig Montgomery gav ei grundig innføring i kva som kjenneteiknar dei ulike alderane i barnehagealderen. Mange kjende seg nok att i sine eigne born.Iselin Nevstad ØvrelidGjennom borna sitt langsame tempo, der påkledning og borrelås på skoa kan vere ei utfordring å vente på i ein stressande kvardag, minna Hedvig Montgomery forsamlinga om å ta seg tid, både som tilsette og foreldre.

- Å klare sjølv, kan vere ei utfordring for oss vaksne å vente på, men det er så viktig for borna si utvikling. Det skal vere plass og tid til prøving og feiling i barnehagen, sa ho engasjert og fekk med seg publikum før første sekund.

Vidare skildra Montgomery viktigheita av å sjå alle born, og dei ulike behova deira. Både to-åringen som bablar i veg, for han eller ho treng nokon som lyttar, men også for den andre to-åringen som ventar med orda til han/ho er heilt sikker på at det kjem ut rett. 

- Språkbading er så viktig. Les for borna kvar dag. Alle har behov for å uttrykke seg, bli sett og høyrt. Språket har så mykje å seie mellom oss og korleis/kva vi deler med kvarandre, og språket er ein svært viktig del av grunnmuren for livet vidare, kommenterte ho.

Felles satsingsområde

Dette vart heilt i tråd med satsingsområda i utviklingsarbeidet for barnehagane i kommunane Herøy, Sande og Ulstein, nemleg språk og kommunikasjon. Fagdagen er ein del av Regional kompetanseutvikling (ReKomp). Det er ein del av regjeringa si satsing på kompetanseutvikling i barnehagane. Satsinga skal sikre alle barn eit barnehagetilbod av høg kvalitet. Fagdag barnehage skal vere ein arena for fagleg kunnskap, refleksjon, inspirasjon og begeistring for alle tilsette i barnehagane i Herøy, Sande og Ulstein. 

Dei tre kommunane har arbeidd spesifikt om språk og kommunikasjon sidan 2019. Det er denne heilskaplege satsinga i desse tre kommunane som no gjer at ein kunne arrangere denne fagdagen både for tilsette og føresette.

Frå ventre: Sølvi Lillebø Remøy (kommunalsjef kultur og oppvekst i Herøy), Sissel H. Hasund (rådgjevar barnehage i Ulstein), Gry Nordal (kommunalsjef oppvekst og kultur i Ulstein), Hedvig Montgomery, Elisabeth Warpe (avdelingsleiar barnehage i Herøy). Arbeidsgruppa som står for gjennomføringa er Elisabeth Warpe frå Herøy kommune, Øystein Jarl Johansen (oppvekst- og kultursjef i Sande kommune) og Ann-Christin Bonde Helliksen (barnehagekonsulent i Ulstein). Dei to sistnemnde kunne ikkje vere med på fagdagen. Foto: Iselin Nevstad Øvrelid   

- Den finaste lyden i barnehagen

Hedvig Montgomery minna alle tilsette om kor viktig det er å snakke med borna på deira nivå. Å gå ned på kne, sette seg ned saman med dei. Det er då dei gode relasjonane og kontakten oppstår.

- Og den finaste lyden i ein barnehage, veit de kva det er? Det er når barn og vaksne ler saman. Det tyder på felles kontakt, humor og samspel, fortalde ho til ei engasjert forsamling.

Ho fortalde vidare om det viktige samarbeidet barnehagane må ha med alle mammaer og pappaer der ute, og la særskild vekt på hentesituasjonen og overlevering i barnehagen som ein faktor for positiv kommunikasjon. 

- Hugs at for alle tilsette er barnehagedagen over når borna vert henta og de går heim, men for foreldra og borna deira er dei ikkje ferdige. Det at foreldra får ei positiv oppleving av innhaldet i barnehagendagen for sitt born, er kjempeviktig for resten av den ettermiddagen og kvelden når den gode samtalen skal halde fram heime. Det er gull verdt, understreka ho.

Små barn tek også risikovurderingar

Vidare skildra ho dei ulike risikovurderingane ein tek gjennom barneåra.

- Som små menneske gjer vi allereie livets første risikovurdering tidleg. Å lære å gå!

I tillegg var ho innom barnehagens indre liv, som ei eiga lita verd, med ulike kulturar og foreldre med ulike bakgrunnar. 

- Nokre spiser peanøtter og andre fårikål. Ulikskapane er så store mellom born og familiane deira at det er ein liten del av heile samfunnet vårt inne på desse kvadratmeterane i barnehagen, sa ho.

Med ein god dose humor brukte ho også seg sjølv og familien som døme, frå dei morosame situasjonane til det meir utfordrande, men avslutta likevel med dei viktige grunnpilarane i ein kvar barnehage og for eit kvart barn.

- Det skal vere ein stad for trøyst og tryggleik, ein stad å høyre til i flokken og ein stad der nokon forstår meg og mine kjensler.

Tek med seg inspirasjon og læring inn i barnehagekvardagen. F.v: Karoline Stokseth (styrar i Vikemarka barnehage i Ulstein), Oddhild Dypvik Aas (styrar Leikanger barnehage i Herøy) og Hege Beitveit (einingsleiar Hauemarkja barnehage i Sande).Iselin Nevstad Øvrelid 

Tek inspirasjonen med seg i barnehagekvardagen

Tre som tykkjer foredraget var svært inspirerande, var Karoline Stokseth, Oddhild Dypvik Aas og Hege Beitveit. Alle leiarar (styrar/einingsleiar) for sine barnehagar i Ulstein, Herøy og Sande.

- Hedvig Montgomery er så klar og tydeleg, og gir oss både viktige påminningar, men presenterer også ny forsking. Det er definitivt ein inspirasjon til Rekomp-arbeidet vårt vidare, kommenterer Hege Beitveit.

- Vi skal arbeide vidare med innhaldet frå fagdagen i personalmøte. Så det sluttar ikkje her, understrekar Oddhild Dypvik Aas med eit smil.