iStock
Fritak for eigedomsskatt
I samsvar med § 5 i Lov om eigedomsskatt til kommunene er det visse eigedomar som er fritekne for denne skatten: Sjå § 5 i Lov om eigedomsskatt til kommunane.
Sande kommune har også gitt fritak for eigedomsskatt i 2026 etter eigedomsskattelova § 7 bokstav a, b og c,
Dette gjeld:
- eigedomar eigd av stiftingar eller frivillige lag og organisasjonar som driv almennyttig arbeid i kommunen,
- bygningar med historisk verdi
- nyoppførte bustadar inntil formuesgrunnlaget frå skatteetaten ligg føre. ( inntil 2 år etter oppføring)
Administrasjonen vil utarbeide fritaksliste som vil bli lagt fram i eiga sak seinare.
Eigedomsskattevedtekter
Kommunestyret vedtok i K-sak 19/26 eigedomsskattevedtekter slik at ein kan starte arbeidet med utskriving av eigedomsskatt.
Kommunestyret skal i mars velje medlemmar til lovpålagde nemnder som skal vere med i dette arbeidet.
Taksering av bustadar
For bustadeigedomar vert bustadverdien nytta - det vil seie formuegrunnlaget frå Skatteetaten - til å berekne skatten.
Alle eigedomar som ikkje har formuegrunnlag må takserast. Det skjer i hovedsak ved utvendig synfaring.
Taksering av andre eigedomar
Næringseigedomar, hytte, naust og liknande har truleg ikkje eit formuegrunnlag frå Skatteetaten i dag. Desse må difor synfarast og takserast.
Takseringa av slike eigedomar kan vere meir detaljert enn for bustadar. Det kan vere behov for at dei som skal taksere, kjem inn i bygget. Eigaren vil i så fall verte kontakta i god tid.
Føretaket Verditaksering Kjell Larsen AS (VKL AS ) har fått tildelt oppdraget med å taksere eigedomar i Sande kommune i samband med innføring av eigedomskatt. VKL AS skal dermed stå for taksering av alle eigedomar som ikkje har eit formuegrunnlag fastsett av Skatteetaten.
Før taksering skjer ute i felt vil heimelshavar få varsel per brev om taksering. I dette brevet vil heimelshavar finne informasjon om tidspunkt for taksering (synfaring). Heimelshavar har rett til å delta på takseringa om det er ynskjeleg.
Her kan du finne alle vedtak om innføring av eigedomsskatt, fritak, kva eigedomar dette gjeld og anna .
Du finn meir informasjon om eigedomsskatt her
Sande kommune reknar med at første faktura for betaling av eigedomsskatt vil bli utsendt hausten 2026.