DSB
I dag startar Egenberedskapsveka 2026, og årets tema er korleis samfunnet kan bli betre førebudd på å handtere situasjonar der mobilnett og internett ikkje fungerer som normalt.
DSB oppfordrer kommuner til å etablere eitt eller fleire informasjonspunkt der innbyggarane kan få informasjon dersom elektronisk kommunikasjon ikkje fungerer.
Les meir på DSB.no her
Kva er eit informasjonspunkt?
Eit informasjonspunkt er ein fysisk stad - etablert av kommunen - der du kan møte opp dersom straumen, mobilnettet og internett sluttar å virke over lengre tid.
På denne staden kan du
- få viktig informasjon frå kommunen og nødetatar.
- be om hjelp dersom du treng assistanse.
- melde frå om situasjonar som krev oppfølging.
Sande kommune opprettar desse informasjonspunkta :
- Branndepot Kvamsøy, ved ferjekaia
- Branndepot Sandsøy, ved Dollstun
- Sande rådhus, på Larsnes
Kriseleiinga i kommunen avgjer når ein skal ta i bruk slike informasjonspunkt.
Les meir om Informasjonspunkt og Beredskap her.
Kva kan du gjere for å vere betre rysta?
DSB og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har laga sju enkle råd som gjer det lettare å få viktig informasjon og halde kontakt med andre om det blir problem med mobilnett eller internett.
Her er fire av dei:
- Ver ein beredskapsven.
- Skaff deg ein DAB-radio.
- Lad opp batteribank og utstyr.
- Vurder abonnement på ulike mobilnett.
Les alle råda til DSB her