Informasjonspunkt i Sande kommune

Informasjonspunkt i Sande kommune

Mange hendingar kan føre til langvarig bortfall av elektronisk kommunikasjon, mellom anna straumstans. 

Mangel på tele/internett kan vere ei krise i seg sjølv om det varer meir enn ei kort stund. 

I slike tilfelle kan kriseleiiinga ta i bruk fysiske informasjonspunkt oppretta på 3 stadar i Sande kommune. 

  1. Branndepot Kvamsøy, ved ferjekaia
  2. Branndepot Sandsøy, ved Dollstun
  3. Rådhuset på Larsnes

Kva er eit informasjonspunkt? 

Eit informasjonspunkt er ein fysisk stad - etablert av kommunen - der du kan møte opp dersom straumen, mobilnettet og internett sluttar å virke over lengre tid.

På denne staden kan du 

  • få viktig informasjon frå kommunen og nødetatar 
  • be om hjelp dersom du treng assistanse
  • melde frå om situasjonar som krev oppfølging

 

Stadane skal vere merka med eigne skilt.


Kriseleiinga i kommunen
avgjer når ein skal ta i bruk slike informasjonspunkt.

Ein ansvarleg person - på førehand oppnemnd av kriseleiinga - syter for å dele aktuell informasjon til innbyggarane på oppslagstavle eller munnleg når nokon kjem til informasjonspunktet. Informasjonen vil bli oppdatert i samsvar med oppslag på staden  

Det er viktig at informasjonen som blir gitt her blir delt med naboar og familie som ikkje kjem seg fysisk til informasjonspunktet- slik som ei gammaldags "bodstikke". Alle har litt ansvar for å dele informasjon til medborgarane sine i slike krisetilfelle. 

Oppslag på informasjonspunkta

Du skal finne skilt som fortel at staden er eit informasjonspunkt ved inngongsdøra til dei definerte informasjonspunkta (sjå lista ovanfor). 

Ansvarlege for dei fysisk definerte informasjonspunkta skal levere informasjon til kriseleiing.

Kontakt

Oddbjørn Indregård
assisterande kommunedirektør