Frå nyttår blir det ny organisering av helse- og omsorgssektoren med felles leiing av heimetenesta og sjukeheimen.
Bård Dalen - helse og omsorgssjef - var innom alle dei 5 hovedområda som helse- og omsorgssektoren jobbar med.
- IKT
- Arbeidsmiljø
- Pårøranderolla
- Kulturaktivitetar
- Mat og ernæring
Det som var særleg interessant å høyre om var arbeidet med
- pårøranderolla - korleis få til god dialog med ulike grupper pårørande
- det nye kravet om matmerking som kjøkkenet må innfri
- "Øya"-satsinga som har vore særs vellukka, der mange frivillege deltek med underhaldning og der ein gjerne vil utvikle tilbodet til aktivitetar i friluft.
Verd å merke seg er også at ein i Sande har satsa meir på fysioterapi for pasientgruppa i heimetenesta og at det også i Sande er mange yngre som treng meir helse- og omsorgstenester.
Det vart elles orientert om det budsjettframlegget som ligg føre og korleis ein skal greie å sy saman eit budsjett i balanse for sektoren.