Ikkje mogleg å ha med bil til Kvamsøya onsdag kveld

Ikkje mogleg å ha med bil til Kvamsøya onsdag kveld

Onsdag kveld 21. februar og natt til torsdag 22. februar blir det ikkje mogleg å ha med køyretøy om bord i ferja til Kvamsøya. Dette gjeld dei siste turane onsdag, i tillegg til bestillingsruta. Årsaka er graving på land bak ferjekaia.   

På desse tidene vil ikkje bilar kunne køyre til og frå Kvamsøy:

Til Kvamsøya 20.35, 22.05, 23.35 og 01.50 

Frå Kvamsøya 20.35, 22.05 og 00.20

Det leggast til rette for at ferja kan gå som normalt, men då berre for persontransport. Dei andre kaiene i sambandet Larsnes - Åram - Voksa og Kvamsøya er opne for køyretøy som normalt.  

Kontaktperson:  

Andreas Tennøy Brekke, byggeleiar, tlf. 980 11 600 

Kvamsøy - Klikk for stort bileteKvamsøy Andreas Tennøy Brekke/Møre og Romsdal fylkeskommune