Ikkje eigne karentenereglar i Sande

Ikkje eigne karentenereglar i Sande

CDC, Alissa Eckert Krisestaben i Sande har hatt møte vedrørande koronapandemien og teikn på ei oppblomstring av smitte i Norge. Det vert ikkje gjort lokale vedtak om utvida karentenebestemmelsar i Sande førebels. Ein forheld seg inntil vidare til dei nasjonale bestemmelsane, der land med aukande smittetal fort kan bli råka av karentenebestemmelsane.

Sande kommune er i ein situasjon der smitte ikkje har vore i kommunen sidan tidleg i vår. Etter at sentrale restriksjonar gradvis vert avvikla, har reiseverksemda auka betrakteleg. Vår kommune er spesielt sårbar for smitte fordi vi har etter måten stor internasjonal kontakt når det gjeld tilførsel av utanlandsk arbeidskraft.

Vi går no inn i ei kritisk fase – folk/arbeidarar kjem frå ferie og skal ta til i arbeid, i skule og barnehage att.  I denne samanheng ber vi alle – bedrifter og institusjonar – om å vere sitt ansvar bevisst, og lage og gjennomføre rutiner for kontakt, hygiene, reinhald og testing som sikrar minimal (dvs. null) oppblomstring av koronasmitte. Då slepp ein å sette i verk offentlege tiltak og begrensingar, med dei økonomiske og menneskelege kostnader det medfører.

La oss alle vere skjerpa i kampen for eit smittefritt Sande!

Kriseleiinga