Høyringar-lokale forskrifter i samband med ny opplæringslov

Høyringar-lokale forskrifter i samband med ny opplæringslov

Frå 1.august vil ny opplæringslov vere gjeldande. I samband med dette skal kommunane vedta nokre nye, lokale forskrifter. 

Lokale forskrifter i samband med ny opplæringslov er lagt ut på høyring. No kan du seie di meining om dei lokale forskriftene.

Vi inviterer elevråda, FAU, SU, tilsetteorganisasjonar og andre med interesse til å ta del i høyringa.

Det er forskriftene under som er lagt ut på høyring:

Forskrift om skuledemokrati og skulereglar (PDF, 222 kB) 

Foreskrift om skulefritidsordning (PDF, 238 kB) 

Foreskrift om elevpermisjon (PDF, 175 kB) 

Foreskrift om skulerute (PDF, 151 kB) 

Foreskrift om hovudmål (PDF, 148 kB) 

 

Etter høyringsfristen er ute skal planen til uttale i råd og utval.

Deretter blir det politisk behandling i oppvekst og kultur og i kommunestyret 18.06.2024.

 

Høyringsfristen er 20.05.2024.

Merknader til saka kan sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

eller på

e-post til postmottak@sande.kommune.no  innan 20.05.2024

Du kan også skrive ditt høyringssvar her. Merk høyringsvaret med saksnummer 24/414 og la det kome tydeleg fram i svaret kva forskrift du kjem med innspel på.