Høyring – Revidert samarbeidsavtale med Helse Møre og Romsdal

Høyring – Revidert samarbeidsavtale med Helse Møre og Romsdal

Framlegg til ny samarbeidsavtale mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal er sendt på høyring. No kan du seie di meining.

Framlegg til samarbeidsavtale er utarbeidd av representantar frå kommunane i Møre og Romsdal og frå helseføretaket. I tillegg har to brukarrepresentantar delteke i forhandlingsutvalet som har vore leia av samhandlingslege Stian Endresen.

Sjølv om framlegg til samarbeidsavtale vert utforma i fellesskap, er det den einskilde kommune og Helse Møre og Romsdal HF, som er partar i avtalane.

Nærare informasjon finn du i høyringsbrevet og framlegg til ny samarbeidsavtale 2025-2028.

I høyringsbrevet er omtala korleis du går fram for å sende innspel til høyringsforslaget. Ny samarbeidsavtale skal gjelde frå 1. jan. 2025. 

Høyringsfristen er 23.06.2024

Samarbeidsavtalen regulerer ulike forhold mellom kommunane og helseføretaket mellom anna formål, samarbeidsstruktur og fagleg samarbeid på viktige områder.

Formålet er å utvikle heilskaplege og likeverdige helsetenester, med klar ansvarsfordeling og god ressursbruk. Tenestene skal ha gode overgangar mellom helseføretak og kommune uavhengig av kvar ein bur. Sentrale tema i samarbeidsavtalen er:

  • Samarbeid om koordinering av tenester, innlegging i og utskriving frå sjukehus til kommune
  • Samarbeid om kunnskapsoverføring, forsking, utdanning og ordning med samhandlingslegar
  • Samarbeid om svangerskaps,- fødsels- og barselomsorg
  • Samarbeid om utvikling av digitale helsetenester og e-helse
  • Samarbeid om helsefremjande og førebyggande helsearbeid
  • Samarbeid om helseberedskap og akuttmedisinsk kjede
  • Helsefellesskap Møre og Romsdal – samhandlingsarenaer mellom HMR, kommunane, brukarar og fastlegar

 

Samarbeidsavtalen bygg på tidlegare avtale og regulerer deltaking i samarbeidsstrukturen der begge helsenivåa plikter å engasjere seg for utvikling og samordning av helsetenestene.

Viktig innhald og foreslåtte endringar.

Forhandlingsutvalet rår til at det framleis skal vere eit lokalt samarbeidsutval (LSU) knytt til kvart sjukehus i fylket. På Søre Sunnmøre vert det likevel foreslått at LSU Ålesund og LSU Volda skal ha minst to fellesmøter kvart år.

Det store strukturelle endringsforslaget ligg i framlegget om å redusere tal faglege samarbeidsutval frå 12 til 6 utval. Grunngjevinga for dette er tilbakemeldingar frå utvala sjølve og ei erkjenning av behov for å redusere samla bruk av ressursar på ulike faglege nettverk. Fleire av utvala har overlappande eller tilstøytande oppgåver som kan gi rom for ei betre samordning.

Delavtalane som rettar seg mot sentrale område for fagsamarbeid vert vidareført, men har blitt noko enklare og kortare enn tidlegare. Delavtale 1 som partane kjenner best, omhandlar mellom anna  betaling for utskrivingsklare pasientar. Partane i forhandlingsutvalet vart ikkje samde om ny delavtale 1, og tilrår difor at ein lengar gjeldande avtaletekst for ei ny periode.

Prosessane for høyring vil vere forskjellig i kommunane i fylket, men kommunalsjefane innan helse skal samlast til høyringskonferanse 8. mai på Åndalsnes. Partane hadde felles framlegging av avtaleutkastet i møte i strategisk samarbeidsutval den 13. mars. Kommunestyra vil få samarbeidsavtalen til behandling utpå hausten etter at forhandlingsutvalet har gått gjennom alle innspel frå høyringa som no ligg ute.

Oddvar Marøy

Samhandlingskoordinator
Sjustjerna