Historisk dag 1.april -2022 - to ferjer i sving!

Historisk dag 1.april -2022 - to ferjer i sving!

Sande kommune  Det er ingen aprilspøk - to ferjer i sving i sambandet Larsnes- Voksa - Kvamsøy frå 1.april. 

Ferje A skal gå den vanlege ruta si, medan ferje B skal ha avgongar frå Larsnes til Voksa og Kvamsøy mellom desse avgongane. 

Rette rutetider finn du her på frammr.no

Det blir litt markering på begge ferjene på avgongane 1040 (B) og 1140 (A).

Kanskje er i det i morgon du skal ta ein tur til ytre strøk i Sande?  Det er meldt godt ver og ein fin dag for å markere at sambandet til øyane endeleg får betre vilkår!