Herman er ein lystig fyr - og er ungdomsarbeidar i Sande

Herman er ein lystig fyr - og er ungdomsarbeidar i Sande

Herman Brune Leikanger

Herman Brune Leikanger starta i stillinga som ungdomsarbeidar i  Sande no i haust. Det er veldig fint å endeleg ha han på plass. Vi håper han blir ein god ressurs for ungdomsmiljøet og for den enkelte ungdom i vår kommune. 

Vi er litt nysgjerrig på kvifor han ville søkje denne utfordringa og har tatt ein prat med Herman om bakgrunn og val av utfordringa som det kan vere å jobbe som ungdomsarbeidar.

Herman er sandssokning

- Eg har sjølv nettopp vore ungdom i Sande kommune og har utdanna meg i Oslo dei siste åra. Utdanninga eg valde var musikalartist og det er kanskje noko som er litt utanom det vanlege. Då eg såg denne jobben kjende eg på at den passar veldig godt for mine hjartesaker. Eg brenn for inkludering og mental helse. Eg veit veldig godt korleis det er å vekse opp ein plass og kanskje ha interesser og draumar som ein kanskje ikkje får moglegheit til å prøve ut. Derfor jobbar eg for at alle ungdomane våre skal føle at deira interesser og deira draumar blir sett, fortel Herman.

Dialogar - også digitalt

-Den første tida mi har eg fokusert på å opprette dialogar og samarbeid med personar og organisasjonar som jobbar for ungdom. Ein av dei viktigaste samarbeidspartnerane mine er blant anna Sande helsestasjon. Eg meiner at den psykiske helsa til ungdommen er viktig å ta vare på. Målet er å bli ein kontaktperson for alle som har noko dei vil snakke om. Derfor har eg også oppretta sosiale medium som skal gjere det lettare for ungdommen både å nå meg og for at dei skal få inspirasjon og gode tankar. Eg håper at dei sosiale medium kan gjere det lettare for ungdommen å møtast, og å følge med på kva som skjer i kommunen. Kanskje eg til og med kan gi dei eit innblikk i korleis ting verkar i det kommunale systemet?

- Eg har kontor på rådhuset men kjem også etter kvart til å bruke mykje av tida med ungdommen. Både i skuletida og friminutt, på kveldstid gjennom arrangement og online på den digitale leikeplassen. På kontoret er døra alltid open om nokon vil slå av ein prat eller ta opp ei sak. Eg talar ungdommen si sak og skal påverke slik at deira meiningar og ønsker skal bli både høyrde og oppfølgde.

Herman på UKM Martin Giskegjerde/UKM

-Alt i alt skal eg jobbe for at ungdommen skal få det best mogleg i Sande kommune, seier ein engasjert ungdomsarbeidar som nett kjem frå fylkemønstringa til UKM der han var reiseleiar saman med Viola Andersson.

Mønstringa var skikkeleg bra og ungdomane har hatt ei eventyrleg veke med mange opplevingar der dei har knytta nye vennskapsband, avsluttar Herman

Det ryktast av Herman fekk prisen for beste reiseleiar på UKM -samlinga. Det kan vi forstå - Herman er ein lystig og lett kar og vere saman med.

Vi ønsker lukke til vidare med ungdomsarbeidet i Sande.