Heldige vinnarar

Heldige vinnarar

Pixabay  Vinnarane kan kose seg med lokalmat.

Før ferien gjennomførte Sande kommune ei innbyggarundersøking med god deltaking. Vi har no trekt fem «vinnarlodd» blant dei dei som deltok i undersøkinga, og dei fem vinnarane har fått ein velsmakande premie med lokalprodusert mat og drikke.

Premien består av saft av hylleblomst og hyllebær, fiskebollar og –pudding, ulike dressingar, og fleire variantar av hermetiske fiskeprodukt samt kjøtprodukt frå lokale matprodusentar. Dei heldige vinnarane vart Anne Marte Tødenes, Anja Lillestøl, Ingrid Bowden, Marijann Nesje Gjerde, og Andrea Langlo Gulbrandsen.

Vi takkar alle for bidraget i sambandet med innbyggarundersøkinga, og til dei heldige vinnarane seier vi vel bekomme!