Heider og ære til kommunestyre-medlemmar

Heider og ære til kommunestyre-medlemmar

På det siste kommunestyre-møtet for perioden 2019-2023 delte ordføraren ut merksemder til medlemmar med lang fartstid. Dette vart ei fin markering for dei som har brukt mykje av tida si til politisk arbeid. 

 

KS si heidersmedalje

Dag Vaagen, fødd 1956 - Høgre, fekk KS si heidersmedalje for 41 år - frå 1984 -2023.

KS sitt heidersmerke

Inge-Jonny Hide, fødd 1967 - Høgre,  fekk KS sitt heidersmerke  for 24 år  - frå 1999 - 2023.

Olav Myklebust, fødd 1969 - Senterpartiet,  fekk KS sitt heidersmerke  for 24 år  - frå 1999 - 2023.

Sande kommune sitt sølvmerke

Sande kommune sitt sølvmerke går til dei som har vore kommunestyre-politikarar i 12 år eller meir.

Desse fekk utdelt diplom og sølvmerket:

Trond Torset, fødd 1949 -  Arbeidarpartiet 

Kjartan Bleie, fødd 1959 - Framstegspartiet 

Einar Ekroll, fødd 1954 - for Høgre,  Venstre og Framstegspartiet

 

Dag Vaagen, Inge-Jonny Hide og Olav Myklebust fekk også utdelt Sande kommune sitt sølvmerke. 

 

Ordføraren takka dei alle for innsatsen alle desse åra. Fem av politikarane går inn i nye år som folkevalde.  Trond Torset takka for seg med nokre fine ord og ei diktopplesing,  og ønska dei lukke til vidare.