Har du eller ein organisasjon du er aktiv i gammalt arkiv liggande?

Har du eller ein organisasjon du er aktiv i gammalt arkiv liggande?

Sande kommune er medlem i privatarkivordninga ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKAMR), og medlemsskapet inneber at innbyggarar frå Sande kan deponere privatarkiv der. 

Private arkiv 

Private arkiv er skapte av enkeltpersonar, foreiningar, organisasjonar eller bedrifter, dvs. dokumentasjon frå ikkje-offentleg verksemd. Bevaring og tilgjengeleggjering av private arkiv er viktig for ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon.

IKAMR

Ved IKAMR vert privatarkiva ordna og registrerte, oppbevart etter forskrift og informasjon om arkiva publisert på arkivportalen.no.  Arkivportalen er ei nasjonal søketeneste der ein finn opplysningar om kva historiske arkiv som er bevarte i Noreg. På denne måten vert brukarar gjort merksame på at arkiva finst og at dei kan brukast.

Her finn du arkiv frå Sande kommune som er deponerte ved IKAMR

Innsyn i dei private arkiva vert gjort etter offentleg regelverk med mindre der er gjort særskilde avtalar med arkiveigar. Materialet kan ein, på same måte som med dei kommunale arkiva, få tilgang til ved lesesalen vår. 

Digitalisering av arkiv inngår ikkje i medlemsskapet, men er ei teneste som kan kjøpast via SEDAK (Fylkessenter for digitalisering av kulturarven). Digitalisert materiale kan publiserast på digitalarkivet.no om det er ønskeleg. Publisering vert gjort etter gjeldande reglar for innsyn.

Du kan lese meir om ordninga på nettsida til IKAMR. 

For å nytte deg av ordninga med privatarkiv må du ta kontakt med Sande kommune. Vi vil samle arkivet her hos oss før overføring til IKA. Det er laga ein avtale som tek føre seg eigarskap og klausuleringstid med dei som leverer private arkiv, og avtalen vil følgje arkivet over til IKA.

Ta kontakt med fagleiar for arkiv i Sande.

Kontakt

Tove Cathrine Kvamme
fagleiar politisk sekretariat og arkiv
E-post
Mobil 99 53 13 46