Friluftslivet si veke 1.-10. september - Stikk UT! Festival 2023!

Friluftslivet si veke 1.-10. september - Stikk UT! Festival 2023!

Ta med ein ven på tur oppfordrar friluftsråda i Møre og Romsdal i si pressemelding. Blir du med på turen?

Pressemelding:

"1.- 10. september gjentek friluftsråda i Møre og Romsdal suksessen frå i fjor og inviterer til markering av Friluftslivets veke med feiring av Stikk UT! og den enorme turgleda som regjerer i fylket vårt.

Litt over halvvegs ut i årets Stikk UT!-sesong er det registrert nesten 70 000 fleire turar enn i fjor på same tid, og det kan sjå ut som det for andre gong i historia går mot ein million registreringer i den populære turtrimmen. På landsbasis tronar Møre og Romsdal og Heim suverent øverst når det gjeld turregistrering, og denne turgleda er det no som skal feirast med ein ti dagar lang festival med mål om å få endå fleire med på tur.

Denne veka blir alle oppfordra til å ta ein tur eller to til eitt eller fleire av dei 500 turmåla i årets sesong.

– Ta gjerne med deg nokon på tur når Stikk UT! også i år sett fokus på verdien av å vere ute i naturen saman, oppfordrar Hilde Ellingsæter, prosjektleiar for Stikk UT! i Sunnmøre friluftsråd.

Ho fortel at i 2022 vart det gått nesten 60 000 turar i løpet av festivalveka.

- Vi håpar på det samme eller endå fleire registreringar i år. Om ein endå ikkje har registrert årets første Stikk UT! så er dette veka for å gjere det. Vi håpar også at bedrifter, lag og foreiningar vil invitere tilsette og medlemmar til å ta ein fellestur denne veka, seier Ellingsæter.

Friluftsråda, i samarbeid med Wattn, Granne og Sparebanken Møre, inviterer til arrangement for bedrifter, familiar og andre turgåarar i løpet av veka. Oversikt over det som skjer finn ein på stikkut.no.

Friluftslivets veke over heile landet

Friluftslivets veke har som mål å få fleire ut i naturen, ha det gøy og skape gode minne! Det er Norsk Friluftsliv og dei norske friluftslivsorganisasjonane som står bak. Denne veka blir alle i heile Norge invitert med ut i naturen og til å delta på spennande friluftslivsaktivitetar i regi av lokale lag og foreninger, organisasjoner, friluftsråd og kommunen der ein bur."

Du finn mange fine, merka stiar og løyper i Sande på Stikk UT -nettsida!

Sjekk også ut turar som Barnas Turlag i Sande kommune arrangerer utover hausten.

GOD TUR !