Folkehelse - oversikt for Sande kommune
Sande kommunestyre vedtok i møte 28.10.25 “Folkehelseoversikt for Sande kommune 2025-2029”.
Dokumentet skal integrerast i kommunen si planstrategi og nyttast som grunnlag for vidare strategiske val, prioriteringar og budsjett i kommunen sitt folkehelsearbeid.
Her finn du "Folkehelseoversikt for Sande kommune 2025-2029”. (PDF, 4 MB)
Dette er eit stort og omfattande dokument som gir oss peikepinn på korleis det står til med innbyggarane i Sande.
Oversikta gir oss også grunnlag for å kunne stake ut vegen vidare på mange område.
Arbeidsgruppe
Folkehelsekoordinator, spesialkonsulent oppvekst og kultur, helsesjukepleiar, fysioterapeut, PP-rådgjevar og leiar plan og næring har vore med i arbeidsgruppa som har jobba fram oversiktsdokumentet.
Her er litt av utfordringsbiletet som kjem fram:
- Nedgong i talet på barn og unge – aukande andel eldre.
- 44% av dei over 75år bur åleine – risiko for einsemd og isolasjon.
- Auke i psykiske helseplager blant ungdom – 26% med mange plager.
- Høg skjermtid og søvnproblem blant ungdom – påverkar helse og trivsel.
- 31% av 17åringane har overvekt og fedme – høgare enn fylket og landet.
- Høgt sjukefråvær
- Utfordringar med rekruttering av kvalifiserte pedagogar i barnehage.
- Auke i barn i hushald med låg inntekt – 13,1% i 2024
- Svake kollektivtilbod – avhengig av privat biltransport
Av positive resultat som kjem fram kan nemnast:
- Stabilt folketal grunna arbeidsinnvandring og busetjing av flyktningar
- 100% av lærarane oppfylle kompetansekrav i norsk, engelsk og matematikk.
- Aktivt frivilligheit – mange lag, kor, korps og idrettslag.
- Låg førekomst av alvorlege trafikkulykker og brannar.
- God kvalitet av drikkevatn – dekning frå kommunale vassverk.
- Nedgong i talet på born som bur trongt – betre bustadforhold.
- Lågare andel uføretrygda enn fylket og landet.
- Færre nye kreft-tilfeller enn landssnittet.
- Gode universelle helsetilbod – skulehelseteneste og helsestasjon