Flott resultat - tusen takk til alle sandssokningar!

Flott resultat - tusen takk til alle sandssokningar!

Kr 161 392 er innsamla i Sande. Vi er på 3. plass i fylket og 70. plass i landet. 

Veldig bra jobba alle saman- spesielt oppvekstsektoren har gjort ein kjempeinnsats!

Tusen takk til bøsseberarar og alle som har vore med å gi til aksjonen. Tusen takk til bedrifter, lag og organisasjonar!

Og ikkje minst- takk til elevar som har stått på og skaffa sponsorar til sine innsatsområde eller gjort andre ting! 

Her er resultat med oversikt på kvar midlane er innsamla.

Dei digitale bøssene er åpne til 1.november og andre Spleis ut november - om det er nokon som vil gi i etterkant! 

Med dei innsamla midlane i vår kommune og landet samla får barn i andre land betre høve til å skaffe seg eit verdig liv med utdanning som utgangspunkt!