Else-Karin Søvre Vaagen, Synnøve Wiik, Ann-Marie Teige Værnes og Anne Gjerde.
Amanda Ramstad/Sande kommune
«Sterk og stødig» er eit gruppetilbod for seniorar der hovudfokuset er styrke- og balansetrening. Det er frivillige instruktørar med god kompetanse som held treninga, i samarbeid med fysioterapeutar frå kommunen.
I Sande vart det for fyrste gong arrangert Sterk og Stødig-trening på Larsnes i 2018. Tilbodet vart etterkvart så populært av dei måtte utvide til fleire forskjellige grupper og lokasjonar. No er det Sterk og Stødig-grupper både på Larsnes, i Gursken, i Gjerdsvika og på Sandsøya - med til saman 70 deltakarar kvar veke!
– No manglar vi berre ei gruppe på Kvamsøya, så det håpar vi kjem etterkvart, fortel kommunefysioterapeut Kristina Meinseth.
Godt tilbod for bygdene
Alle dei fire nye intruktørane har vore aktive deltakarar på Sterk og Stødig, og gler seg no til å få prøve seg som instruktørar. Dei er einige i at det både er sosialt og kjekt å kunne delta på treningsgruppene, og at det er eit godt tilbod for både damer og herrar i bygdene.
Gjennom tre kursdagar har dei lært forskjellige øvelsar og formålet bak dei. Det har vore øvelsar innan oppvarming, styrke, kondisjon, balanse og avspenning. Deltakarane har også blitt testa på å utforme sitt eige treningsprogram.
Kommunefysio Kristine Rein, Anne Gjerde, Ann-Marie Teige Værnes, Else-Karin Søvre Vaagen, Synnøve Wiik og kommunefysio Kristina Meinseth.
Amanda Ramstad/Sande kommune
Dei vil gjerne oppfordre fleire til å melde seg som instuktørar, også dei yngre. Sjølv om treningsgruppa er meint for dei eldre i kommunen, er det ikkje noko krav om at du må vere i denne aldersgruppa som instruktør!
Mindre sårbart
Det er ikkje alltid like lett å få tak i nye instruktørar ettersom dei får eit ansvar om å drive gruppene, dei nye instuktørane såg på dette som ein endå større grunn for å melde seg. Er dei er fleire instrukørar, vert ansvaret meir fordelt og det ikkje er éin person som stille kvar veke. Det er då mykje mindre sårbart ved for eksempel sjukdom.
– Vi er no til saman ti instuktørar, og er utruleg takksame for alle som ynskjer å drive Sterk og Stødig heit frivilleg. Utan dei hadde vi ikkje klart å gjennomføre tibodet med den kvaliteten det har i dag, avsluttar kommunefysioterapeut Kristine Rein.
Les meir om Sterk og Stødig her