Fin skulestart for Larsnes-elevane

Fin skulestart for Larsnes-elevane

Larsnes skule - tur til Sætrevikja aug 2019Strålande ver og super dag på sanden i Sætrevikja.

Torsdag 22. august var det aktivitetsdag for alle elevane ved Larsnes oppvekstsenter. Som tidlegare år var det nede på Larsnes stadion aktivitetane gjekk føre seg. Til tross for litt småregn kosa elevane seg – og dei fikk springe 60 meter, kaste liten ball og stor ball, prøve seg som hekkeløparar og ikkje minst som lengdehopparar. Det blei ein dag med mange gode resultat – og elevane fekk med seg eit resultatkort heim – noko som kan vere kjekt å ha med seg vidare. 

 

 

Tysdag 27. august var dei fleste av elevar og tilsette ved Larsnes oppvekstsenter på tur til Sætrevika på Åram. Ferjeturen gjekk  frå Larsnes om morgonen – og så vart det ein fin spasertur frå ferjekaia på Åram til Sætrevika. Det vart ein alle tiders fantastisk dag med bading, grilling og leik i sanden. Veret var flott – med gode temperaturar både i sjøen og på land.

 

 

Larsnes skule aktivitetsdag aug 2019

Heiagjengen er viktig når ein skal yte sitt beste!