F.v.: Sara Fugledal Wiik, helsestasjonslege Andreas Ellingsæter Mürer og Marianne Brune Leikanger
Sande helsestasjon
Sande helsestasjon stilte i år med stand på Herøy kulturhus tysdag kveld i anledning UKM arrangementet der. Denne fylkesmønstinga var eit samarbeidsprosjekt mellom Sande og Herøy. I år fall den saman med Verdsdagen for psykisk helse. Då tema for Verdsdagen for psykisk helse dette året var: «Vi treng å høyre til. Lag plass!», så det passa godt å markere verdsdagen den 10.oktober der.
På standen tysdag 10.oktober. F.v: Marianne Brune Leikanger, Andreas Ellingsæter Mürer, Sara Fugledal Wiik frå Sande helsestasjon
SANDE HELSESTASJON
Mange var innom standen der helsesjukepleiar Sara Fugledal Wiik, mellom anna, svara på spørsmål og oppmoda ungdommane til å sjå kvarandre og inkludere andre ved å lage plass til dei.
Ungdomsarbeidar i Sande Herman Brune Leikanger har vore med i planlegginga av dette samarbeidsprosjektet. Han har også vore med og markert Verdsdagen for psykisk helse i Sande 4. oktober ved Larsnes oppvekstsenter og 5.oktober ved Gursken oppvekstsenter.