Felles verkstad for utvikling av Sande-samfunnet

Felles verkstad for utvikling av Sande-samfunnet

Sande kommune  Politikarar, administrasjon og fagfolk var i dag samla for å sjå framover- på årsbudsjett og framtidsplanar! 

Dagen starta med ein felles verkstad for folkevalde, representantar i frå administrasjonen og fagfolk. Etter ein kort gjennomgang av fersk kunnskap som ein mellom anna har fått gjennom innbyggarundersøkinga, tok ein til med gruppearbeid.

I 2 timar diskuterte og formulerte ein forslag til mål for Sande kommune si utvikling. Måla var knytt opp til omsyn og innsatsområder ein har velt ut for samfunnsplanen.

Desse områda er:

  • god helse og livskvalitet 
  • likeverd og inkludering
  • klima, natur og tryggleik
  • befolkning
  • verdiskaping, vertskap og frivilligheit 

Etter lunsj gjekk ein over i arbeidet med årsbudsjett for 2022.