Feel It-skuleshow fredag 1.mars 2024

Feel It-skuleshow fredag 1.mars 2024

Feel It inviterer alle skulebarna i Sande til eit spesial “Feel It - skuleshow”! 

Feel it - Klikk for stort bileteFeel It Gamlebanken Scene

 

Heldige elevar i Sande får ein smak av dette spennande showet. Ei flott forestilling med fint lysshow blir kombinert med kul musikk.

Feel It har plukka ut dei kulaste songane, og kanskje vert det eit lite trylletriks eller to?

Det er fyrste gongen Feel It inviterer skuleelevane i Sande til å oppleve litt av det dei styrer med. Kanskje dette kan bli ein årleg tradisjon?

Det vert servert litt mat, frukt, drikke og kanskje litt snacks?

Showet startar kl. 12.15 og er ferdig omlag kl 13.15.

Litt praktisk:

Generelt: 

Dei må ha lydprøver for å få alle detaljar på plass- dørene opnar derfor kl 12.05.

Gursken

Buss frå Gursken oppvekstsenter kl 11.55, bussane køyrer opp på skuleplassen ved Larsnes skule. Derifrå går elevane direkte inn på Breidablik og finn plassane sine.

Larsnes

Elevane går direkte frå skulen til Breidablik.

Kvamsøy

Ferje frå Kvamsøy 10.30, elevane møter på Breidablik kl 12.05. Retur med ferje 13.40.

Dette blir eit kjekt show!

Feel it gleda seg til å møte dokke på show!!

 

Her finn du invitasjonen til "Feel It-skuleshow" 2024 (PDF, 4 MB)

Sparebanken Møre bidreg med å dekke kostnader med buss og servering.