Dette har kommunestyret bestemt

Dette har kommunestyret bestemt

Sande rådhus Sande kommune

Kommunestyret hadde møte den 19.september 2023. Her finn du oversikt på kva som vart bestemt.

Sak K-51/23 Forvaltningsrevisjonsprosjekt - sjølvkost vatn og avløp

Vedtak: 

  1. Kommunestyret tek til vitende forvaltningsprosjektet “Sjølvkost vatn og avløp”, utarbeida av Søre Sunnmøre Kommunerevisjon IKS, datert 29.08.2023.
  2. Kommunestyret vedtek at revisjonen sine tilrådingar skal følgjast/utførast:
    Kommunen skal dokumentere fordelingsnøklar/lønskostnadane knytt til administrative stillingar belasta sjølvkost.
    Kommunen skal i større grad dokumentere fordelingsnøklar knytt til registrerte indirekte kostnadar.
    Etablere rutine kring avstemming av anleggsregister i kommunerekneskapen og anleggsregister Momentum.
    Etablere rutine som sikrar at alle kostnader knytt til vatn og avløp er med ved utbalansering sjølvkostrekneskapen mot sjølvkostfondet.
  3. Kommunestyret vedtek at kommunedirektøren skal lage ein prioritert handlingsplan til kontrollutvalet innan 01.11.2023 som viser kva tiltak som skal settast i verk for å følge opp anbefalingane i rapporten, kva tid tiltaka skal settast i verk og kven som har ansvaret for iverksettinga.

Sak K-52/23 Oppfølging av sak ang makebytte mellom Sande kommune og eigar av gnr 86 bnr 9

Vedtak:
Sande formannskap vedtek sal av areal slik det går fram av vedlagte minnelige avtale og øvrige saksopplysningar.

Sak K-53/23 Oppstart av grunntinging Gjerde Byggefelt, Gjerdsvika

Vedtak:
Grunntingingsutvalet får i oppgåve å tinge om nødvendig grunn for å kunne realisere bustadfeltet på Gjerde, Gjerdsvika i samsvar med godkjent reguleringsplan.

Sak K-54/23 Grunntinging av areal for nytt bustadområde på Sandsøy

Vedtak:
Sande kommunestyre vedtek å starte grunntingingar med eigar av 73/47 og 73/11 for å erverve areal til nytt byggeområde for bustadar på Sandsøya.

Sak K-55/23 Endringar i selskapsavtalen for Sunnmøre Regionråd IKS som følgje av kommundeling Ålesund og HaramS

Vedtak:
Kommunestyret i Sande kommune godkjenner framlegget til selskapsavtale for Sunnmøre regionråd slik det ligg føre.

Sak K-56/23 God helse avtale 2024 - 2027

Vedtak:
Sande kommunestyre teiknar under på god helse avtalen med Møre og Romsdal fylkeskommune for perioda 2024 - 2027.

Sak K-57/23 Justert oppmoding om busetting av flyktningar for 2023

Vedtak: 
Sande kommune vedtek å auke talet på busetting frå 20 til 30 flyktningar, i tråd med justert oppmoding frå IMDi for 2023

Sak K-58/23 Generalistkommunesystemet - høyringssvar

Vedtak:
Sande kommune gir høyringssvar til NOU 2023:9 Generalistkommunesystemet, i samsvar med saksframlegget og med tillegg av endringsframlegg.

Sak K-59/23 Politisk reglement i Sande

Vedtak:
Politisk reglement for Sande kommune vert vedteke i tråd med innstillinga, og med dei endringar som var sette fram.

Sak K-60/23 Status for internkontroll i Sande kommune 2023

Vedtak:
Orienteringa om arbeidet med internkontroll for 2022 vert teken til vitande