Dette har kommunestyret bestemt

Dette har kommunestyret bestemt

Sande rådhus Sande kommune

 Kommunestyret gjorde fleire viktige vedtak på møtet den 20. juni 2023. Møtet vart gjennomført på Sande rådhus, og her er det som vart bestemt.

Sak K-36/23 Årsmelding for eldrerådet i Sande 2022

Vedtak: 
Sande kommune tek årsmeldinga for eldrerådet 2022 til vitande

Sak K-37/23 Årsmelding for Rådet for personar med nedsett funksjonsevne 2022

Vedtak: 
Sande kommunestyre tek årsmeldinga for 2022 for Rådet for personar med nedsett funksjonsevne til vitande

Sak K-38/23 Endring av organisasjonsform for Søre Sunnmøre IKT

Vedtak: 
1. Søre Sunnmøre IKT vert organisert som eit Kommunalt oppgåvefellesskap etter reglane i kommunelova (2018) kapittel 19.

2. Kommunestyret godkjenner vedlagt “Samarbeidsavtale for Søre Sunnmøre IKT kommunalt oppgåvefellesskap”.

3. Den nye samarbeidsavtalen trer i kraft 30.09.2023.  Da vert organisasjonsforma for Søre Sunnmøre IKT-samarbeid endra til kommunalt oppgåvefellesskap etter kommunelova kapittel 19. Frå same tidspunkt vert «Vedtekter for Søre Sunnmøre IKT» etter kl § 27 (LOV-1992-09-25-107) oppheva. Eigedelar, rettar og plikter i samarbeidet vert frå same tid overført til Søre Sunnmøre IKT kommunalt oppgåvefellesskap.

4. Representantskapet for oppgåvefellesskapet Søre Sunnmøre IKT skal gjere ei vurdering av kostnadsfordelinga mellom deltakarkommunane i Oppgåvefellesskapet. Denne skal leggast fram for politisk behandling hos deltakarkommunane innan 31.12.2024.

5. Dersom Vanylven kommune vedtek å signere på samarbeidsavtalen innan 01.07.2023, vert dei tatt inn som deltakarkommune under §2 i Samarbeidsavtalen utan ny behandling hos dei andre deltakarkommunane.

6. Det er ein føresetnad for vedtaket 1-5 at dei andre medlemskommunane gjer likelydande vedtak.

Sak K-39/23 Avtale om vertskommunesamarbeid for overgrepsmottak og vald i nære relasjonar

Vedtak:
Kommunestyret vedtek samarbeidsavtalen om vertskommunesamarbeid for drift av interkommunale tenester i verksemd legetenester - gjeldande avtale for Sande kommune tenesteavtale 5 Overgrepsmottak og vald i nære relasjonar

Sak K-40/23 Avtale om vertskommunesamarbeid mellom Ålesund kommune og Sande kommune for tenesteområdet barnevernsvakt

Vedtak: 
Kommunestyret vedtek samarbeidsavtalen om interkommunalt samarbeid for barnevernsvakta på Sunnmøre.

Sak K-41/23 Endring i delegeringsreglement - omgjering av matrikkelkode

Vedtak: 
Næring, teknisk og miljøutvalet får mynde til å handsame søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningslov samt dispensasjon frå reguleringsplanar og arealdelen av kommuneplan i saker som omhandlar endring frå matrikkelkode 161 Fritidsbustad til 111 Einebustad.

Sak K-42/23 Gjerdsvika Småbåtlag/småbåthamn - søknad om kommunal vassledning

Vedtak: 
Saka vart samrøystes utsett.
Kommunestyret bed om å få saka tilbake etter at administrasjonen har vurdert innspel frå Tom-Inge Gotten. 

Sak K-43/23 Reguleringsplan Bringsinghaug 02 - omlegging av veg

Vedtak:
Saka vart samrøystes utsett.
Saka vert sendt attende til administrasjonen for ny utgreiing med bakgrunn i innkomne innspel. 

Sak K-44/23 Kommunale vegar - rehabilitering 2023

Vedtak:
Kommunestyret vedtek å prioritere opprusting/asfaltering av kommunale vegar slik det går fram av administrasjonen sine prioriteringar.

Sak K-45/23 1.tertialrapport med budsjettrevisjon drift 2023

Vedtak: 
Sande kommunestyre godkjenner tertialrapporten for 1. tertial 2023
Sande kommunestyre godkjenner foreslått budsjettrevisjon slik det går fram av tertialrapporten
Rebudsjettering mellom år 2022 og 2023 vert godkjent i samsvar med oppsett kapittel for rebudsjettering
Sande kommunestyre ber administrasjonen arbeide med å finne tiltak som kan auke inntektene, og/eller redusere utgiftene i kommunen. Slike tiltak skal leggast fram som eigne politiske saker for vurdering og prioritering.

På innsynsløysinga vår kan du lese møteprotokollen og alle saksdokumenta.