Dette har kommmunestyret bestemt

Dette har kommmunestyret bestemt

Her finn du alle vedtaka frå Sande kommunestyre sitt møte den 12. desember.

Sak K-96/23 Medlemskap for ordførar i pensjonsordninga

Vedtak:
Ordførar Dag Vaagen vert ikkje innmeldt i KLP i den neste fire års perioden, som følge av informasjon frå KLP. Ordføraren er samd i denne tilrådinga. Godtgjersla han får som ordførar vil difor ikkje vere pensjonsgivande. 

Sak K-97/23 Årsmelding for 2022 for Sande Ungdomsråd

Vedtak:
Kommunestyret tek årsmeldinga for 2022 for Sande Ungdomsråd til vitande. 

Sak K-98/23 Ny selskapsavtale IKAMR

Vedtak:
Sande kommune godkjenner selskapsavtale for Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal IKS gjeldande frå 01.01.2024.

PS 99/23 Endring av samarbeidsavtale for oppgåvefellesskapet SSIKT- representantskap

Vedtak:
Kommunestyret vedtek endring i § 5 i samarbeidsavtalen for søre Sunnmøre SSIKT der ordførarane vert medlemmar av representantskapet, og at punktet vert å lyde slik:

«Representantskapet er det øvste organet i Søre Sunnmøre IKT og består av ordførarane i dei deltakande kommunane med varaordførar som personlege varamedlemmer. Ordførarane og varaordførarane skal veljast for 4 år (kommunestyreperioden). Representantskapet konstituerer seg sjølv og vel leiar og nestleiar. 

Kommunedirektørane i deltakarkommunane har tale- og forslagsrett. 

Leiar for representantskapet har ansvar for innkalling til og for gjennomføring av representantskapsmøta.»

Sak K-100/23 Forskrift om open brenning/bålbrenning, Sande kommune, Møre og Romsdal - slutthandsaming

Vedtak:

  1. Med heimel i Lov om vern mot forureining og avfall av 13. mars 1981 nr. 6 (forureiningslova) vedtek Sande kommune “Forskrift om open brenning/bålbrenning, Sande kommune, Møre og Romsdal".
    Tillegg i § 5, pkt f: Det skal ikkje tennast/brennast sankthansbål på svaberg eller anna underlag som kan ta skade.
  2. Forskrifta vert gjort gjeldande frå det tidspunkt vedtaket er kunngjort i Norsk Lovtidend. Jfr. forvaltningslova §38 første ledd bokstav c.
Sak K-101/23 Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet - revidert handlingsplan 2023

Vedtak:

Kommunestyret vedtek å vidareføre hovudlinjene i gjeldande kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet for Sande kommune.

Ordinære Anlegg
    Kunstgrasbane GIL
    Idrettshall GIL
    Kunstgrasbane KIL
    Fleirbrukshall trinn 2 LIL
    Utviding av klubbhus SIL
    Oppgradering banedekke River Plate GIL
    Sanitærhus Ristesund KIL
    Fotballhall LIL
    Larsnes stadion – Friidrettsanlegg LIL
    Renovering av symjehall, garderobe, allrom og kantine GIL
    Overbygg tribune River Plate GIL
    Gursken stadion – Oppgradering av løpebane GIL
    Badehus Sandvika GIL
    Fleirbrukshall SIL
    Utvidelse gymsal Gursken GIL
    Renovering golv gymsal Gursken GIL

Nærmiljøanlegg
Sandvolleyballbane Sandsøy SIL
Sykkelbane - sykkelsti LIL
Tur- og aktivitetsløype Sandsøy SIL
Sanitæranlegg Bringsinghaug hamn KBN
Leikeplass/sykkelbane/aktivitetspark HGL
Kyststi Gjerdsvika GjIL
Tursti Kvamsøy KBN
Gangveg/sti Skogevatnet-Almestad GIL
Leikeplass Breivikneset BGL
Tursti Saudedalen/Vasstranda LIL
Tursti Larsneset/Skitnevika LIL
Steintrapp Veteskaret/Veten LIL
Lys Tursti Halleosen/Larsnesskogen LIL
Aktivitetspark Larsnes LIL
Parkeringsplass Hide GjIL
Gamle Drageskarveg Kryssing GIL
Fjellveg Gjerdsvika - Haugsbygda GjIL
Nærmiljøanlegg ved Gursken Skule GIL
Klatrevegg GIL
Skaterampe GIL
Tursti Urene-Sætre GIL
Padelbane SVG
BMXbane SVG
Fritidspark Halleosen LIL
Aktivitetspark Larsnes sentrum LIL
Frisbeegolfbane, Tareholmen 4H
Gapahuk Omnsfjellet SIL

PS 102/23 Forslag økonomireglement Sande kommune

Vedtak:

Økonomireglement for Sande kommune blir vedteke slik det ligg føre. 

Sak K-103/23 Risikobilde Sande kommune 2023

Vedtak:
Sande kommunestyre tek ”Risikobilde for Sande kommune” til vitande

PS 104/23 Sande kommune: VA-norm

Vedtak:

Ny vass- og avløpsnorm (VA-norm) i Sande kommune datert 12.11.2018, med dei dokumenta som føl saka, vert godkjent. VA-norma er ei felles norm for 9 kommunar på Sunnmøre.

Sak K-105/23 Ny samarbeidsavtale for IUA Sunnmøre

Vedtak:
Sande kommunestyre vedtek samarbeidsavtalen om kommunalt oppgåvefellesskap mot akutt forureining Sunnmøre

Ordføraren vert Sande kommune sin representant i representantskapen med varaordførar som vararepresentant.


Sak K-106/23 Ny vertskommuneavtale om 110- sentral i Møre og Romsdal

Vedtak:
Sande  kommunestyre vedtek samarbeidsavtalen om interkommunalt samarbeid for Møre og Romsdal 110-sentral KF.

Sak K-106/23Ny vertskommuneavtale om 110- sentral i Møre og Romsdal

Vedtak:

Sande  kommunestyre vedtek samarbeidsavtalen om interkommunalt samarbeid for Møre og Romsdal 110-sentral KF.

Sak K-107/23 Sandsøy IL - Søknad om spelemidlar til gapahuk i Omnfjellet

Vedtak:
Sande kommunestyre er positive til initiativet frå Sandsøy Idrettslag.

Sande kommunestyre prioriterer dette nærmiljøanlegget som nr 1, jf delplan for idrett og fysisk aktivitet.

Sande kommunestyre vedtek å søke spelemidlar i hht søknad frå Sandsøy Idrettslag for å realisere tiltaket.

Sak K-108/23 Sandsøy og Voksa Grendalag - Søknad om spelemidlar til BMX-bane

Vedtak:
Sande kommunestyre er positive til initiativet frå Sandsøy og Voksa Grendalag.

Sande kommunestyre er positive til plasseringa på kommunal grunn, og gir ordførar fullmakt til å etablere nødvendige bruksrettigheiter til Sandsøy og Voksa Grendalag for å realisere tiltaket.

Sande kommunestyre vedtek å søke spelemidlar i hht søknad frå Sandsøy Idrettslag for å realisere tiltaket.

Sande kommunestyre prioriterer dette nærmiljøanlegget som nr 2, jf delplan for idrett og fysisk aktivitet.

Sak K-109/23 Larsnes IL - Søknad om spelemidlar til Fotballhall


Vedtak:
Sande kommunestyre er positive til initiativet frå Larsnes IL om å realisere ein fotballhall.

Sande kommunestyre er positive til plasseringa i Vardane - og i den grad dagens rettigheiter til arealbruk må utvidast til også å omfatte fotballhall, får ordførar fullmakt til å etablere slike rettigheiter for Larsnes IL.

Sande kommunestyre vedtek å prioriterer fotballhallen som nr 1, ordinære anlegg, i gjeldande kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet.

Sande kommunestyre vedtek å sende fornye søknaden frå Larsnes IL om spelemidlar for å realisere tiltaket.

Sak K-110/23 Budsjett 2024, Økonomiplan 2024-20

Vedtak:
1.  Kommunedirektøren sitt framlegg til Økonomiplan 2024 -2027 og årsbudsjett 2024 vert vedteke med slike endringar og presiseringar:  

·    Innføring av investerings-, innkjøps- og tilsetjingsstopp ut første kvartal 2024. Forventa innsparing kr 1 000 000,-.              Denne innsparingssummen vert fordelt på budsjettområda, jamfør økonomireglementet sitt kap. 2.1, etter ein lik              prosentsats.
·    Det skal ikkje gjerast endring i skulestrukturen. Skulesektoren får tilført kr 500 000,- for å ta ut innsparingstiltaket på        skulestruktur i 2024.
·    Kyrkjesektoren får tilført auke i kommunalt driftstilskot  med kr 300 000,- for 2024.
·    Nei til eigedomsskatt

2. Kommunedirektøren sitt framlegg til Investeringsbudsjett 2024 – 2027 vert vedteke med slike endringar og presiseringar:

Følgjande tiltak vert skuva utover i økonomiplanperiode  i frå 2024 
·    Branngarasje kr 10 mill 
·    Ambulansekai Larsnes 1,5 mill

Prioritering av vedlikehald/oppgradering i 2024
     - Toalett/sanitæranlegg Gursken oppvekstsenter skal prioriterast

Generelt for kontroll og styring av investeringsprosjekt:
·    Gjennomgang av avslutta og pågåande investeringsprosjekt i 2023, herunder mot vedteke budsjett, kostnad og endeleg prognose

For nye investeringsprosjekt gjeld følgjande: 
-    Kost/nytte vurdering vert lagt fram til politisk gjennomgang
·    Politisk vedtak av kvart einskild prosjekt før oppstart
·    Fortløpande prosjektrapportering gjeldande for alle prosjekt inkl. VAR-området, frå d.d. Administrasjonen legg fram          mal for godkjenning

3.   Framlegg til gebyr- og betalingsregulativ for 2024 vert vedteke slik det går fram av «Gebyrliste». Det vert vurdert tvungen kopling til kommunale vassverk for nærliggande eigedomar i samsvar med Plan- og bygningslova § 27-1. NTM legg fram eiga sak for budsjettet 2025.

4.   Sande kommunestyre vedtek følgjande forslag til finansielle måltal for økonomiplanperioden 2024-2027:
- Netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter bør vere minimum 1,75%
- Disposisjonsfondet skal i løpet av planperioden ligge på 4% av brutto driftsinntekt

 

Vil du sjå alle saksdokumenta til sakene kan du lese meir her.