Det er berre ei øving i dag måndag!

Det er berre ei øving i dag måndag!

I ettermiddag ca. kl 18.30 vil det utspele seg ein liten seanse på Hallefjorden der tilskodarar frå land vil kunne sjå bilferja OS og ambulansebåten Liv prøve seg på ein liten sjøoperasjon. 

Ambulansebåten - Klikk for stort bileteAmbulansebåten Liv

Det er ingen dramatikk knytt til seansen – det er berre Sande brann og redning som samøvar i lag med bilferja og ambulansebåten. Øvinga på sjø vil vare om lag ein time.