Det blir 2 faktura frå helsetenester i desember – Hugs å oppjustere avtalegiro!

Det blir 2 faktura frå helsetenester i desember – Hugs å oppjustere avtalegiro!

I samband med at Sande kommune skal skifte økonomisystem, så vil vi med dette informere om at det blir avvikande fakturering for helsetenester i desember.

Det vil kome 2 faktura for helsetenester i desember, så det er viktig å oppjustere beløpsgrensa for avtalegiro dersom ein har det.   

Dette gjeld matombering, heimehjelp, tryggleiksalarm, diverse opphald på institusjon og husleige (omsorgsbustad).

Faktura som gjeld oktober er allereie sendt ut. Denne har forfall 6. desember. Grunna omlegging av system hjå oss, vil faktura for november også få forfall i slutten av desember.

Viktig!

Dersom du har avtalegiro er det derfor viktig å justere opp beløpsgrensa i banken til å handtere to faktura denne månaden. Vi oppmodar dykk til å sjekke i banken at de har høg nok beløpsgrense snarast mogleg. Viss beløpsgrensa er for lav, vil fakturaen verte avvist som avtalegiro, og ikkje verte trekt frå bankkonto på forfallsdato.

For E-faktura og faktura på papir vil ikkje denne endringa ha anna å seie enn at de får to fakturaer med forfall i desember. Vi ser helst at fakturaene blir betalt på forfallsdato, men dersom dette skulle vere vanskeleg kan de ta kontakt med økonomiavdelinga, så kan vi gjere ein avtale.