Busetting av flyktningar - kan vi hjelpe?

Busetting av flyktningar - kan vi hjelpe?

Pixabay  Sande kommune skal busette 50 flyktningar. I samband med busetting kan vi ta imot brukte møblar og inventar for å møblere kommunale leilegheiter. Klede, sko og anna utstyr er det Sande Frivillegsentral som skal samle inn etter kvart.

Møblar og anna inventar

Vi vil trenge diverse møblar og anna inventar som trengs i ei leilegheit - koppar og kar, sengetøy, handukar og anna. 

Det vil ganske snart bli lagt ut ei liste over det vi treng , så følg med på sida her eller på facebook-sida.

Klede og utstyr

For at vi skal halde kontroll på det vi får inn og sidan vi ikkje har lagringsplass, vil vi legge ut lister på det vi treng når vi treng det. Dette fordi vi ikkje enda veit kven som kjem først. Om det er ein familie med to gutar på 2 og 7 år, eller om det er ein familie med tre jenter i tenåra osv.

Det som skal samlast inn må være heilt, reint og klart til bruk.

Vi vil legge ut namn på kontaktpersonar og lister på det vi treng på heimesida til Sande kommune og facebook-sida til Sande Frivillegsentral.