Blir det reint og fint i Sande til våren ?

Blir det reint og fint i Sande til våren ?

 I samråd med ryddemiljøa over heile landet, flyttar Hold Norge Rent den nasjonale Strandryddeveka til hausten.

På den måten unngår ein store ryddeaksjonar i mai, då hekketida for fuglane er på topp. Hold Norge Rent oppmodar likevel folk til å ta ei skikkeleg vårreingjering i lokale fjører før fuglane kjem. Dei har derfor innført ein ny, nasjonal vårryddedag, som i år vart arrangert laurdag 13. mars.

Har vi rydda? 

Barnehagane markerte den felles barnehagedagen i Norge med å ha fokus på eit berekraftig miljø og jobba med rydding, resirkulering og berekraft på denne måten. Vi har fått rapportar frå barnehagane om kjempeengasjerte barn som har fått opp interessa for kor viktig det er å passe på naturen. 

I tillegg har det vore litt lokale aksjonar rundt om i bygdene i veke 11. 

No går vi inn i påsketida med turar i skog og mark og enkelte startar også båtlivet no.

Ein fin aktivitet er å leite rak i fjøra - her kan du finne veldig mykje rart, men også mykje søppel.

Oppmodinga er at vi alle difor bør ta med litt ryddeutstyr på tur, så blir vi kanskje den reinaste kommunen på Søre- det hadde vore kjekt det! 

Treng du sekkar og hanskar, kan du få det på rådhuset - innleveringa til Søre Sunnmøre reinhaldsverk må du ordne sjølv dersom du samlar inn søppel på eige hand på vårhalvåret.  Truleg vil lokale grendalag og andre interesserte arrangere større felles aksjonar til hausten.