Bli med i eldrerådet? Kvifor?

Bli med i eldrerådet? Kvifor?

Alle kommuner skal ha eit eldreråd i følge kommunelova.  Eldrerådet kan sjølv fremme saker og dei skal få framlagt saker som gjeld dei eldre i samfunnet. 

Kari Ristesund har vore med i eldrerådet i 3 perioder.  Den siste perioden som leiar i rådet. 

I Sande har ein valgt representantar og vararepresentantar frå kvar krins - Gjerdsvika, Gursken, Larsnes, Sandsøy og Kvamsøy.  Dei skal representere bygdene sine , og det er slik lett å ta kontakt med den valde representanten dersom ein vil ha fram ei sak politisk -  gjennom eldrerådet. 

Kvifor bli med i eldrerådet? 

- Som medlem i eldrerådet får du betre kunnskap om ulike forhold innanfor dei ulike tenestene og du får vere med å påverke det som skal skje. På denne måten kan du bli eit talerør for den eldste generasjonen i samfunnet. 

- I Sande har vi ein god struktur på saksbehandlinga der råda - eldrerådet, ungdomsrådet og rådet for personar med nedsett funksjonsevne  - alltid får sakene først. Dette har vore eit interessant arbeid alle desse åra, seier Kari, som allereie no har gitt røysta si til det komande kommune- og fylkestingsvalet.  Kari  var den første som nytta høøvet til å tidlegrøyste. Les meir om korleis du kan røyste her.

 

Bli med i eldrerådet?

Kan du tenke deg å vere med? Ta kontakt  med administrasjonen om du har noko du lurer på.

Vi treng deg som er ung pensjonist og deg som har levd ei stund! 

Kontakt

Tove Cathrine Kvamme
fagleiar politisk sekretariat og arkiv
E-post
Mobil 99 53 13 46