Båtdåp av "MV Liv" og open båt laurdag 16.september

Båtdåp av "MV Liv" og open båt laurdag 16.september

Ambulansebåten "MS Liv" - Klikk for stort bileteAmbulansebåten "MV Liv"

Det blir båtdåp av ambulansebåten "MV Liv" laurdag 16. september kl 12.00 på kommunekaia på Larsnes. Det er open båt frå kl. 10.00 til kl 14.00 med kaffi og kaker. Gursken skulekorps vil spele frå kl 12.00. Gudmor for båten er Emile Thune Hantveit.

Båten er open frå kl 10.00-14.00. Kom og sjå "MV Liv" bli døypt og få omvising i båten etterpå! Om du er interessert i informasjon om korleis båten er bygd og kva utstyr den har kan du lese meir under.

Informasjon om ambulansebåten MV Liv

Fartøyet som er ein Alusafe Cat 21 bygger vidare på ambulansebåten «Thea Jensen» som vart levert i 2020. Dette er ein velprøvd modell som har bevist sine gode sjøeigenskapar. Båten skal i tillegg til akuttoppdrag som ambulansebåt, vere i pendlarrute og til transport av brannpersonell og kommunalt helsepersonell.
Ønsker du å vite noko om båten ?

Maritime-partner er produsent av båten. Designet er det Arne Lindstøl ved Lindstøls Skip som står bak. Skroga har effektive, moderne linjer med låg motstand gjennom vatnet. Dette har vore utprøvd på fleire hurtigbåtar med stor suksess. Dette reduserer effektbehovet på maskineriet og dermed blir også utslepp redusert.

Norwegian Rig Shuttle AS (NRS), er eit privateigd rederi fra Gulen kommune i Vestland fylke. Rederiet driv og opererer fartøy innan vakt, passasjerar og godstransport. Den nye versjonen til NRS har ein ytterlegare funksjonalitet innebygd i forhold til forrige leveranse. I tillegg til å ha eigen sjukelugar med eit fullverdig akuttmedisinsk tilbod, har denne versjonen ein passasjersalong med kapasitet for 30 passasjerar.

Båten skal i tillegg til akuttoppdrag som ambulansebåt, vere i pendlarrute og utføre transport av brannpersonell og kommunalt helsepersonell.

Korleis er båten bygd?

Båten er bygd i aluminium og er utstyrt med hydraulisk landgang i baugen, samt båreheis akter. Dette gir god tilgang til både låge og høge kaier frå baug og begge sidene akter.

- Vi i NRS er stolte over å kunne sette denne flotte båten inn i ambulansetenesta på Larsnes og ta fatt på oppdraget. Med høgt fokus på sikkerheit og universell utforming er vi sikre på at ambulansebåt-tenesta vil bli utført på ein god måte. Viktige verktøy her vil vere båten si båreheis akter og hydraulisk landgang på fordekket. Transport av pasientar kan då gjerast frå til dømes flytebrygger eller heilt inn til høge kaier, seier dagleg leiar Kjetil Hantveit»

«MV Liv» er bygd i  resirkulerbart aluminium. Den har vorte utrusta med Volvo motorar med IPS framdriftssystem. Motorane er utrusta med det siste i renseutstyr (SCR) og oppfyller dei strengaste utsleppskrava frå nasjonale og internasjonale myndigheiter (IMO Tier 3 krav).

På babord side er det ein romsleg passasjerlugar med inngang både frå for- og akterdekk.

Mannskapet har eige kvilerom. Sjukelugaren med separat inngang fra akterdekket har utstyr for akuttmedisinsk behandling i følge krava frå Helseregionen. Båten er utrusta med det siste innen navigasjon, kommunikasjon og overvåkning og er sertifisert etter Sjøfartsdirektoratets regla for liten kystfart.

- Vi er veldig stolte av å ha fått levert ytterlegare ein båt av dette designet. Saman med konstruktør og reiar har vi utvikla denne båttypen til å vere noko av det beste innan ambulansetjenesta til sjøs. Reiar har vore ein svært god samarbeidspartnar for å få til eit så godt resultat som vi ser i dag og vi takkar så mykje for tilliten og oppdraget, seier Henrik Myklebust, VPS i Maritime Partner.

Kva utstyr er på båten ?

«MV Liv» er utstyrt med ein Volvo IPS 900 hovedmotor levert av J.W Gulliksen, som også har levert propellane til fartøyet. Generatorane er av typen Fisher Panda frå Fisher Panda Norge.

Innreiinga om bord er gjort av Maritime Innredning Nord, medan mannskapsstolane, av typen NorSap 1000, er levert av NorSap som også har levert stolane i sjukelugaren. Passasjerseta er fra West Mekan.

Elektronikken om bord er levert av Marinelektronikk. Livbåtane er av typen Zodiac er levert av Survitec, medan redningsvestane kjem frå Hansen Protection.

Den elektriske installasjonen og engineering er gjort av Midsund Elektro.

Rørarbeidet er utført av Tekken. Dørene og lukene er levert av Libra-Plast medan landgang kjem fra Undertun. Pumper er levert av Ydra.

Brannslokkingsanlegget er av typen Novec levert av Nortronik og ACEL. Toaletta om bord kjem fra Jets.

Overbygget på fartøyet er mala i maling fra Jotun og skroget er levert utan maling som eit miljøtiltak for å unngå eksponering av skrogmaling til maritimt miljø.