Asfalteringsarbeid i kommuen
Arbeid på vegen opp mot Sandetun Sande kommune skal asfaltere sjukeheimsvegen og gangfelt i området i dag og i morgon.
Vidare skal vi asfaltere grusvegen Knotten nedre mot Sandvika i morgon og då vert denne vegen stengd.
Det har elles vore gjennomført mindre asfaltarbeid I Haugelia vest, ved Hauemarkja barnehage og Elvebakken.
Fylkeskommuna skal i desse dagar asfaltere delar av fylkesvegen gjennom Gjerdsvika og Haugsbygda.
Køyr forsiktig og ta omsyn til dei som jobbar for å få til betre vegdekke.
Publisert av Elin Rokstad
Sist endra 09.08.2021 14:12