Ann- Kristin Brekke Oksavik - leiar på Sande frivillegsentral

Ann- Kristin Brekke Oksavik - leiar på Sande frivillegsentral

Privat For nokre dagar sidan starta Ann-Kristin Brekke Oksavik i 40 % stilling som dagleg leiar ved Sande frivillegsentral. 

Ann-Kristin Brekke Oksavik er  utdanna barne- og ungdomsarbeidar, og har jobba dei ti siste åra i Myrsnipa barnehage,i Herøy kommune.

Sande frivillegsentral "ligg litt i startgropa" og mange forhold må på plass før vi kan "opne".

-Vi jobbar no med lokalitetar og innhald i tilbodet, og meir informasjon om dette vil kome når det er på plass, seier Ann- Kristin, som kan nåast på telefon 90858951, og har kontortid onsdagar og torsdagar.

 

Drifta av Sande frivillegsentral

Det er sett saman eit styre som skal drifte Sande frivillegsentral. Dette er samansett av fem personar: 2 representantar frå eigar og 3 representantar frå frivillege organisasjonar. Ein i styret bør vere brukarrepresentant, heiter det i vedtektene. (PDF, 131 kB)

Her finn du vedtektene for Sande frivillegsentral.

Vi høyrer meir frå Ann- Kristin når ting kjem på plass!

Kontakt

Ann-Kristin Brekke Oksavik
leiar
E-post
Mobil 90 85 89 51