Alternativ julefrukost i Haugelia barnehage

Alternativ julefrukost i Haugelia barnehage


Bålpanne ved barnehagen   Også i år måtte vi avlyse julefrukosten grunna nye retningsliner for smittevern. Vi i Haugelia Barnehage hadde gleda oss til å endeleg kunne få invitere foreldre og besteforeldre til ei hyggeleg stund i barnehagen igjen. 

Av den grunn ville ikkje vi at denne dagen skulle gå forbi i stillheit, sjølv om vi ikkje hadde høve til å gjennomføre vår opprinnelege plan.

Vi var innom mange alternativ til kva vi kan gjere i staden, men bestemte oss til slutt for å servere nystekte sveler og kaffi/gløgg/Pepsi Max til foreldre ved levering.

«Frukosten» var frå klokka 07.00-09.30. Vi hadde også kjøpt inn kaffikoppar med lokk, slik at foreldra kunne ta med kaffien/gløggen i bilen om ynskjeleg.

Barnehagen har fått mange positive tilbakemeldingar og set stor pris på dei. Foreldra er vår viktigaste samarbeidspartnarar, så det var kjekt å kunne gjere noko for dei igjen. Barna fekk sveler til lunsj og på ettermiddagen kosa dei seg med peparkaker og julekino.

I morgon er det nissefest for barna og torsdag er det julegudsteneste for førskulegruppa. Det er viktig at barna får ei mest mogleg normal førjulstid i barnehagen.