Akeminne for barna i Hauemarkja barnehage

Akeminne for barna i Hauemarkja barnehage

No som storm og regn råder, kan barna og dei vaksne glede seg over eit nydeleg vinterminne frå ein kjekk kveld i Hauemarkja barnehage. 

Akekveld - Klikk for stort bileteOstesmørbrød på bålpanna i eit herleg snøver – kan nesten ikkje vere betre. Brannbilen står klar om det trengst. Frida Strandbø

FAU ved barnehagen svinga seg rundt og arrangerte akekveld for barna. Dei fyrte opp i bålpanna og menyen var medbrakt ostesmørbrød på bål. Veldig kjekt for dei om lag 40 små og store som kosa seg i snøveret. Ei stor takk til engasjerte og driftige FAU for det gode arbeidet dei gjer.

Akekveld - Klikk for stort bileteVinterglede for både store og små – dette var veldig kjekt og freistar til gjentaking. Tina Kamilla Sørensen