5.juni frist for å søkje plass på SFO

5.juni frist for å søkje plass på SFO

Skulestrukturen i Sande kommune er endra frå hausten 2020 og  Gjerdsvika skule og Sandsøy skule vert lagt ned. Søknadsfrist for plass i SFO for elevar frå desse krinsane er 5.juni.

Skulefritidstilbodet følgjer ferie- og fridagar i skuleåret  og er ikkje ope i sommarferien.

Du kan også søkje om å få plass/ endre plass utanom fristen, men skulen må ha budsjettdekning for å endre tilbodet i skuleåret.

 

Skulefritidstilbodet skuleåret 2020/ 2021

SFO på Larsnes skule opnar kl 07.10 og stenger 16.10 alle dagar . tlf 48892331 

SFO på Gursken skule opnar kl 7.30 kvar dag og held ope til 16.30. - tlf 98666260 

SFO på Kvamsøy skule tilpassar opningstidene etter foreldra sine behov - tlf 90912879

 

Vedtekter

Her finn du Vedtektene for skulefritidsordninga i Sande (PDF, 2 MB)

 

Kva kostar plass på skulefritidsordning?

Skulefritidsordning - 2024

Skulefritidsordning - 2024
Opphaldstid Pris pr mnd Syskenmoderasjon 30% Syskenmoderasjon 50% Matpengar Diverse
inntil 8 t/ v 1240 868 620 120
inntil 12 t/ v 1860 1302 930 180
inntil 15 t / v 2320 1624 1160 225
inntil 20 t / v 3100 2170 1550 300
Timepris 70 kr per time
Kjøp av ekstra dag 200 kr for dag
Søskenmoderasjon:
30 % for 2.barn
50 % for 3. barn
 

Korleis søkjer eg?

Gjerdsvika SFO og Sandsøy SFO står framleis som eit val når du søkjer, men desse kan då ikkje nyttast. Frå 1.08 20 blir skulane borte frå søknadsportalen. Dette til orientering. 

Her finn du det elektroniske søknadsskjemaet

Søknadsskjemaet krev innlogging med id-porten. Dersom du ikkje har id-porten, eller er folkeregistrert i anna kommune, må du ta kontakt med Sande kommune på tlf 70026700, så hjelper vi deg.

Søknaden gjeld for eitt år om gongen. 

Når får eg svar?

Vi vil behandle søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 4 veker.

Takke ja til plassen? 

Her finn du lenka som du skal bruke når du takkar ja til plassen.