15.juni - søknadsfrist - kompensasjon for avlyste og utsette arrangement

15.juni - søknadsfrist - kompensasjon for avlyste og utsette arrangement

Dersom ditt lag eller organisasjon har hatt store tap grunna fare for korona-smitte og dei nasjonale retningslinene som avgrensar ulike type arrangement, kan det vere hjelp å få.

Møre og Romsdal fylkeskommune har oppretta ei kompensasjonsordning for avlyste og utsette arrangement knytt til ulike lag og organisasjonar. Ordninga har ei ramme på 2,5 mill. kroner.   

Alle tildelingar blir offentleggjort på Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside. 

NB! Ein kan ikkje søkje om kompensasjon for tapte sponsorinntekt.

Kven kan søke? 

  • Arrangørar innanfor idrett, kultur og frivilligheit i Møre og Romsdal, registrert i Enhetsregisteret eller Frivilligregisteret før 12. mars 2020 

Kva kan ein søke støtte til?  

  • Arrangement som var planlagt arrangert i Møre og Romsdal i perioden 07.05.-15.06.20  
  • Arrangement som ville ha vore ope for allment publikum 
  • Netto tapt billettinntekt og netto tapt deltakaravgift som følgja av at arrangementet vart avlyst eller utsett 
  • Meirutgifter som følgja av at arrangementet vart avlyst eller utsett  
  • Dokumenterte innkjøp av mat og alkoholfri drikke 

Her finn du meir informasjon om korleis du søker og kva som er vilkåra for å motta kompensasjon.

Søknadsfrist: 15. juni 2020.