Mobilvarsling
Sande kommune nyttar Varsling24 for å varsle innbyggarar innanfor eit geografisk område via SMS.
Varsling 24 varslar via SMS på mobiltelefon, e-post til innbyggarar over 16 år, og telemelding til fasttelefon. Meldinga går også til kontaktpersonar i verksemder.
Når sender kommunen SMS?
Kommunen informerer innbyggarane digitalt når det til dømes er nødvendig med koking av vatn, vasstenging, stengde vegar, evakuering og andre generelle servicemeldingar eller hendingar som krev rask informasjon.
Heimeside
Kommunen si heimeside skal nyttast aktivt til å informere lokalbefolkninga ved ei krise. Informasjonen skal vere korrekt, tilgjengeleg og forståeleg for alle, og skal oppdaterast jamnleg.
Sosiale media
Kommunen nytter i dag Facebook. I ein gitt situasjon kan dette nyttast til å spreie informasjonen som vert lagt på eigna nettside.
Bortfall av elektronisk kommunikasjon - informasjonspunkt
Ved hendingar som fører til langvarig bortfall av elektronisk kommunikasjon, mellom anna langvarig straumstans, kan fysiske informasjonspunkt bli tatt i bruk. Her kan du møte opp for å få oppdatert informasjon fram til krisa er over.
Sande kommune har 3 informasjonspunkt:
- Branndepot Kvamsøy, ved ferjekaia
- Branndepot Sadsøy, ved Dollstun
- Rådhuset på Larsnes
Les meir om informasjonspunkt her
Bruk av NRK
Kommunane kan gjennom NRK få sende ut signalet “VIKTIG MELDING – LYTT TIL RADIO”
Meldinga til NRK skal kome frå politimeisteren.
Nasjonalt nødvarsel
Nødvarsel er ei teneste frå norske myndigheiter. Dersom det oppstår ein alvorlig situasjon med akutt fare for liv og helse der du er, så kan du få eit nødvarsel.
Les meir om nødvarsel her.