Temaplan avløp Sande kommune-høyring

Temaplan avløp Sande kommune-høyring

Kommunen har ansvar for å utarbeide kommuneplanar i samsvar kommunen sin overordna planstrategi. For avløpssektoren betyr dette å utarbeide ein temaplan. Temaplan for avløp skal ivareta Sande kommune sitt ansvar for å sikre innbyggarane tilgang til gode avløpsløysingar og samstundes verne om miljøet gjennom berekraftig handtering av avløpsvatnet. Planen skal gje oversikt og status for infrastruktur og anlegg innanfor avløp, og legg til rette for ei strategisk utvikling, som gjer det mogeleg å møte framtidige behov og utfordringar.

Vatn og dråpe med vatn - Klikk for stort bilete Pexels.com

Temaplanen er viktig for å sikre god folkehelse og ytre miljø. Den bør nyttast som eit verktøy for å oppnå berekraftige løysingar for avløp i Sande kommune. Temaplanen for avløp 2026-2035 skal erstatte tidlegare kommunedelplan for avløp frå 1999. Temaplanen skal vere eit grunnlag for langsiktig styring av avløpsanlegg i Sande kommune.

“Forurensningsloven” regulerer utslepp av avløpsvatn. Kommunen er forureiningsmynde for avløpsanlegg som er klassifisert under kapittel 12 og 13 i forureingsforskrifta. Kommunen er tenesteytar overfor kommunen sine innbyggarar og næringsliv, når kommunen handterer avløpsvatn på vegne av brukarane. Desse kostnadene vert dekt inn via gebyr etter sjølvkostprinsippet.

Sande kommune har hyra Nordplan til å utarbeide “Temaplan avløp Sande kommune”. Kommunen varsla oppstart av temaplanarbeid til innbyggarane i Sande kommune via Vestlandsnytt oktober 2023.

Temaplan innhald

Temaplanen analyserer den eksisterende situasjon for  kommunale avløp i Sande kommune i fyrste delen. Analysen har gitt grunnlag for å etablere ein tiltaksplan for perioden 2026-2035 (10 år) i andre del. Tiltaka skal sørge for at avløpshandtering skjer i tråd med gjeldande regelverk og mål som er sett i planen. Tiltaka som gjev best miljøgevinst er prioritert i planen, og tiltak som vil reduserer drift og vedlikehaldskostnadene blir også vektlagde. Dei ulike tiltaka i planperioden er kostnadsstipulert, og det er skissert kva dette vil ha å bety for gebyrutviklinga  framover.

Vedtak om plan til høyring

Formannskapet i Sande kommune har i møte 04.11.2025 i sak FO-139/25 vedteke å legge  planen ut til offentleg ettersyn, i samsvar med plan- og bygningslova §11-14.

Høyringsforum

Høyringa er publisert gjennom avisa Vestlandsnytt og her på heimesidene til Sande kommune. Offentlege instansar har motteke varselbrev.

 

Merknader og frist

Merknadar til planforslaget må vere skriftleg og sendast anten per post til:

Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes 

eller via e-post: postmottak@sande.kommune.no

 

Viktig å merke skrivet som sendast med «Temaplan avløp Sande kommune– høyring- Merknad»

Du kan også skrive ditt høyringssvar her. Merk med saksnr. 23/1552

Eventuelle merknadar må sendast til kommunen innan: tysdag 23. desember 2025.

 

Dokument temaplan

Dokumenta i høyringa finn du her