Høyring - ny forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande

Høyring - ny forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande

Sande formannskap handsama i sak 125/25 den 21.10  forslag til  “Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnsteneste.” 

Formannskapet vedtok at forskrifta skal ut på høyring med høyringsfrist på 6 veker.

Sande kommune

Etter høyringsperioden skal saka leggast fram for politisk handsaming med endeleg vedtak i kommunestyret. 

Her finn du framlegget til "Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnsteneste.” (PDF, 802 kB)

Høyringssvar og frist

Merknadar til forslaget til forskrift må vere skriftleg og sendast anten per post til: Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes eller via e-post: postmottak@sande.kommune.no .

 

Viktig å merke skrivet med "Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande…"

Du kan også skrive ditt høyringssvar her. Merk med saksnr. 25/879

Eventuelle merknadar må sendast kommunen innan: 18.desember 2025.