Søkje om plass i skulefritidsordninga

Søkje om plass i skulefritidsordninga

Leik Pixabay

15.april er søknadsfristen for SFO-plass ved skulane i Sande. 

Skulefritidstilbodet følgjer ferie- og fridagar i skuleåret.  Det er også tilbod om sommar- SFO for to veker i sommarferien. 

Sommar - SFO må det søkjast særskilt om på dette søknadsskjemaet. Søknadsfrist 15.april

Logg inn på foreldreportalen til Vigilo for å søke

Les meir om Vigilo her.

SFO på Kvamsøy- samlokalisert med Kvamsøy barnehage
  • SFO start 07.15 - 08.40
  • måndag og torsdag frå 14.50 - 16.30
  • tysdag, onsdag og fredag frå 12.35 - 16.30
SFO på Sandsøy - samlokalisert med Sandsøy barnehage
  • ikkje SFO om morgon
  • måndag og torsdag frå klokka. 15.15 - 16.30
  • tysdag, onsdag og torsdag frå klokka 13.00 - 16.30
SFO på Larsnes
  • SFO startar kvardag frå klokka 07.10
  • etter skuletid til klokka 16.10
SFO på Gursken
  • SFO er open frå klokka 7.15
  • etter skuletid til klokka 16.15
Sommartilbod ved skulefritidsordninga

Det vert gitt SFO-tilbod to veker  - veka etter skuleslutt og veka før skulestart om hausten. 

Tilbodet er ope frå kl 7.30 -15.00. og er ope for alle elevar i Sande som skal gå i 1.-4. klasse til hausten. 

Borna må ha med eigen matpakke då matservering ikkje ligg inne i tilbodet. 

Tilbodet blir gitt ved den skulen der det er flest søkjarar.

Pris pr time er kr 70,- 

Her finn du søknadsskjemaet til sommar-SFO. I søknaden gir du opp kor mange timar du treng. Denne påmeldinga er bindande.

Du får svar fortløpande når vi får inn søknaden.

Søknadsfrist: 15.april 

Kva kostar ordinær plass på skulefritidsordning?
1. og 2. klasse får inntil 12 timar gratis kjernetid per veke.
Skulefritidsordning - 2024
Opphaldstid Pris pr mnd Syskenmoderasjon 30% Syskenmoderasjon 50% Matpengar Diverse
inntil 8 t/ v 1240 868 620 120
inntil 12 t/ v 1860 1302 930 180
inntil 15 t / v 2320 1624 1160 225
inntil 20 t / v 3100 2170 1550 300
Timepris 70 kr per time
Kjøp av ekstra dag 200 kr for dag

 

Når får eg svar?

Vi vil behandle søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 4 veker.