Barnehagen er ein del av Kvamsøy oppvekstsenter og held til i eigne lokale, i tilknyting til skule og gymsal. Vi har fine friområde like ved, ei grillhytte oppe i skogen som vi kan nytte, og flott terreng til tur og utflukter. Vi legg stor vekt på å skape gode kvardagar for barna der tryggleik, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Vi vil vere tydelege og nære vaksne for barna, og gje dei trygge rammer kvar dag.
Kvamsøy barnehage skal vere ein god stad å vere for både små og store, og vi legg vekt på gode naturopplevingar året rundt. Barna skal oppleve glede, og føle seg viktige og velkomne hjå oss. Vi vil skape gode barndomsminner ved å bry oss om kvarandre, vere ein del av eit fellesskap og føle at eg er OK - uavhengig av prestasjonar.
Vi vil:
- Ha fokus på gode, trygge og stabile rammer for barn, foreldre og tilsette.
- At dagane er prega av glede, humor, leik og trivsel.
- Gripe dagen, og utvikle oss i takt med samfunnet.
Eigarforhold
Kvamsøy barnehage er eigd av Sande kommune. Barnehagane i Sande har ein felles visjon:
«Barnehagane i Sande kommune vil, i samarbeid med heimen, gje barna ein trygg start på den livslange læringa i utdanningssystemet. Vi vil gje dei erfaringar og opplevingar som fører til ei positiv tilknyting til nærmiljøet. Vi vil oppdra barna til samarbeid og gjensidig respekt, og gjere dei i stand til å ta vare på kvarandre og seg sjølve.
PALS
Kvamsøy barnehage er PALS barnehage.
Her finn du årsplanen til Kvamsøy barnehage (PDF, 2 MB)
Planleggingsdagar :
- Torsdag 26. september (2024)
- Torsdag 2. januar (2025)
- Tysdag 11. mars (2025)
- Fredag 30. mai (2025)
Ferie
Veke 28 til og med veke 31
NB! Det er mest truleg planleggingsdag for neste barnehageår måndag 4. august 2025.
Kontaktinformasjon SU:
Opningstider:
Kl. 07:15-16:30
Telefon:
Kvamsøy barnehage, tlf.: 90912879
Pedagogisk leiar: Marit Nordby Kvamme, tlf.: 90983618
Einingsleiar: Ragnhild Våge Støyle, tlf.: 48100454
Besøk- og postadresse:
Myrdalen 43
6087 Kvamsøy
Her finn du Kvamsøy barnehage på GoogleMaps-kartet.