PALS er ein systematisk arbeidsmodell. Målet er å styrke barna sin sosiale kompetanse og førebygge og meistre problemåtferd.
PALS står for:
- POSITIV ÅTFERD
- STØTTADE LÆRINGSMILJØ
- SAMHANDLING
Alle ( dvs. alle vaksne rundt barna) skal legge vekt på positiv involvering og oppmuntring. Hovudfokus skal vere å sjå og verdsetje god åtferd. Når barna opplever at dei vaksne set same grenser for mobbing og asosial åtferd, vil dette i seg sjølv verke førebyggande
Negativ åtferd skal få milde reaksjonar som er kjende på førehand.
GRUNNLEGGANDE REGLAR:
- VIS RESPEKT
- VIS OMSORG
- TA ANSVAR
Du kan også lese meir om PALS her.
Visjonen til barnehagane i Sande :
«Barnehagane i Sande kommune vil i samarbeid med heimen gje barna ein trygg start på den livslange læringa i utdanningssystemet. Vi vil gje dei erfaringar og opplevingar som fører til ei positiv tilknyting til nærmiljøet. Vi vil oppdra barna til samarbeid og gjensidig respekt ,og gjere dei i stand til å ta vare på kvarandre og seg sjølve."