Hauemarkja barnehage

Hauemarkja barnehage

Hauemarkja barnehage er ein kommunal 4 avdelings-barnehage på Larsnes.

hus - Klikk for stort bileteHauemarkja barnehage Sande kommune

Opningstid

Kl. 07.00-16.30

Generell informasjon

Hauemarkja Barnehage er godkjent for 76 plassar.
Maurtua og Blomsterenga er storbarnsavdelingane, og Solsikka er småbarnsavdeling.
Barnehagen ligg sentralt til på Larsnes. Med byggefelt, Sandetun og kommunale omsorgsbustadar rett ved, er vi midt i eit levande miljø. Butikkar, skipsverft, turveg, fleire gapahukar, badestrand, bank, bibliotek, gymsal, ferje, rådhus, legesenter og kyrkja ligg også rundt oss i kort gåavstand.

Sande kommune sin visjon:

«Barnehagane i Sande kommune vil i samarbeid med heime gje barna ein trygg start på den livslange læringa i utdanningssystemet. Vi vil gje dei erfaringar og opplevingar som fører til ei positiv tilknytning til nærmiljøet. Vi vil oppdra barna til samarbeid og gjensidig respekt, og gjere dei i stand til å ta vare på kvarandre og seg sjølve»

Hauemarkja barnehage sin visjon er ei forlenging av Sande sin visjon:

«Små og store hand i hand, knyter gode vennskapsband».
Hauemarkja har jobba med inkludering og ASK – alternativ supplerande kommunikasjon i fleire år. Dette tek dei sjølvsagt med seg vidare når dei skal jobbe med matematikk i barnehagen. Elles er dei PALS-barnehage og har implementert dette i barnehagekvardagen.

Les meir om PALS-barnehage.

Årsplan 

Årsplan blir lagt inn når den er klar

Planleggingsdagar barnehageåret 2026-2027

  • Tysdag 11. november (2026)
  • Måndag 4. januar (2026)
  • Fredag 5. mars (2027)
  • Fredag 7. mai (2027)

Ferie 

Veke 29 til og med veke 32 (2027)

Telefonlister Hauemarkja barnehage

Telefonlister Hauemarkja barnehage
AvdelingTelefon
Hauemarkja - administrasjon46890362
Blomsterenga47630214
Maurtua47632107
Solsikka47628859
Marihøna47628034

Historikk

Hauemarkja barnehage vart opna i 1991, og påbygd med ei tredje avdeling i 2004. Den fjerde avdeling kom til i 2015. Det var foreldra som bygde, eigde og dreiv Hauemarkja barnehage gjennom Stiftelsen Hauemarkja barnehage. I oktober 2017 tok Sande kommune over både eigedom og drift.
Pedagogiske leiarar på avdelingane lagar planar for kvar månad, bygde på lovverk og årsplanen. Planane sei noko om innhald, mål, PALS-fokus og anna informasjon til føresette.

E-post:                        

hege.beitveit@sande.kommune.no

Besøk- og postadresse:         

Haugen 2 

6084 Larsnes

Her finn du Hauemarkja barnehage på GoogleMaps-kartet

Kontakt

Hege Dyrhol Beitveit
einingsleiar