Fritak
I kommunestyrevedtak 19/26 vart dette vedteke:
“ Det vert gitt fritak for eigedomsskatt i 2026 etter eigedomsskattelova § 7 bokstav a, for eigedomar eigd av stiftingar eller frivillige lag og organisasjonar som driv almennyttig arbeid i kommunen. Administrasjonen vil utarbeide fritaksliste som vil bli lagt fram i eiga sak seinare.
Det vert gitt fritak for eigedomsskatt i 2026 etter eigedomsskattelova § 7 bokstav b, for bygning som har historisk verdi. Administrasjonen vil utarbeide fritaksliste som vil bli lagt fram i eiga sak seinare.
Det vert gitt fritak for eigedomsskatt i 2026 etter eigedomsskattelova § 7 bokstav c, for nyoppførte bustadar inntil formuesgrunnlaget frå Skatteetaten føreligg. Fritaket gjeld i inntil 2 år etter oppføring."
Bustadeigedomar som har formuesgrunnlag
For dei fleste bustadeigedomar er det formuesgrunnlaget hos Skatteetaten som blir brukt til å berekne skatten. Formuesgrunnlaget blir også kalla bustadverdien.
Bustadeigedomar som har formuesgrunnlag skal ikkje synfarast av kommunen.
Formuesgrunnlaget er eit overslag over bustaden sin verdi i marknaden. Overslaget er berekna ut frå areal, byggeår, bustadtype, plassering og Statistisk sentralbyrå (SSB) sine opplysningar om omsette bustader i kommunen.
Obs: Formuesgrunnlaget er ein berekna marknadsverdi, ikkje det som heiter likningsverdien eller formuesverdien i sjølvmeldinga. I 2026 utgjer likningsverdien/formuesverdien 25 prosent av formuesgrunnlaget for primærbustader og 100 prosent for sekundærbustader.
Sjekke marknadsverdien
Skatteetaten har publisert ein kalkulator der du kan sjekke den berekna marknadsdsverdien for bustaden din.
Om du meiner formuesgrunnlaget er feil
Dersom du meiner formuesgrunnlaget er feil, kan du sjå desse sidene hos Skatteetaten eller ringe nummeret 800 80 000.
Eksempel på utrekning frå formuesgrunnlag
Likningsverdi primærbustad: 700 000 kroner
Formuesgrunnlag: 2 800 000 kroner (700 000 kroner x 4)
Grunnlag for eigedomsskatt: 1 960 000 kroner (2 800 000 kroner x 0,7*)
Berekna eigedomsskatt: 1 960 kroner (1 960 000 kroner x 0,001**)
* obligatorisk reduksjonsfaktor etter eigedomsskattelova
** Eigedomsskatten er i 2025 på 1 promille av eigedomsverdien.
Eigedomar som får kommunal eigedomsskattetakst
Alle andre typar eigedomar, også bustadeigedomar utan formuesgrunnlag, må takserast ved utvendig synfaring. Eigarar vil få varsel i forkant av synfaringa og kan ta del i den.
Ei kommunal nemnd vedtar takstane.
Takseringa vil blant anna bygge på dei faktaopplysyningane som er registrerte i eigedomsregisteret (matrikkelen), og nemndas retningslinjer for taksering.
Der vi manglar opplysningar om areal, vil bygningane bli målte opp utvendig.
Føretaket Verditaksering Kjell Larsen AS (VKL AS ) har fått tildelt oppdraget med å taksere eigedomar i Sande kommune i samband med innføring av eigedomskatt. VKL AS skal dermed stå for taksering av alle eigedomar som ikkje har eit formuegrunnlag fastsett av Skatteetaten.
Dersom det er behov for innvendig synfaring av næringseigedomar, vil dette bli nærmare avtala med eigaren.
Spørsmål om eigedomsskatt?
Har du spørsmål som du ikkje finn ut av på nettsidene våre om eigedomsskatt? Ta kontakt på dette skjemaet.