Kor mykje skal du betale i eigedomsskatt?

Kor mykje skal du betale i eigedomsskatt?

Eigedomsskattesetel

Det blir generert skattesetlar for alle eigedomar som sakkunnig nemnd har fatta vedtak for. Der står det kor mykje du skal betale, og korleis skatten er rekna ut. Dersom eigedomsskattebeløpet er mindre enn kroner 300, vil det ikkje bli krevd inn skatt.  

Setelen blir  sendt til di digitale postkasse. Har du reservert deg mot digital post frå det offentlege, får du setelen på papir. Der det er fleire eigarar sender kommunen eigedomsskattesetelen til ein eigarrepresentant. Kommunen oppmodar om at eigarrepresentanten vidareformidlar setelen til andre eigarar.  Alternativt kan kommunen sende skattesetelen til dei andre eigarane på førespurnad. 

Eigedomsskattesetelen blir sendt ut før 1. juli i 2026. I vanlege år sender vi han ut før 1. mars. Du får beskjed når setelen din er klar.

Avdøde eigarar

For å unngå at ein avdød eigar får skattesetel, må de endre heimelen av eigedomen. Ta kontakt med Kartverket for å gjere dette.

Slik reknar du ut eigedomsskatten

For bustader og fritidsbustader er eigedomsskatten 1 promille av eigedomsskattegrunnlaget.

Formel for utrekning

Eigedomsskattegrunnlag × 0,001 = eigedomsskatt per år

Kva er eigedomsskattegrunnlaget?

  • For bustader der kommunen har fått opplysningar om formuesgrunnlag frå Skatteetaten, er grunnlaget  70 % av denne verdien
  • For bustader utan bustadverdi frå Skatteetaten og for fritidsbustader, er grunnlaget 70 % av taksten frå kommunen, for 2025.

Rekneeksempel for bustader

Formuesgrunnlag*2 900 000 kr3 500 000 kr6 000 000 kr
Eigedomsskattegrunnlag**2 030 000 kr2 450 000 kr4 200 000 kr
Eigedomsskatt (1 promille)2030 kr2450 kr4200 kr

*  Formuesgrunnlag er om lag det same som marknadsverdien på bustaden. 
** Eigedomsskattegrunnlaget er 70 % av bustadverdien frå Skatteetaten, eller av taksten frå kommunen.

Formuesgrunnlag

Formuesgrunnlag er Skatteetaten sin estimerte marknadsverdi for bustaden din.

Eigedomsskatten for 2026 er rekna ut med formuesgrunnlag frå skattemeldinga for 2024. Du finn formuesverdien  i skattemeldinga under temaet Bustad og eigedelar, punktet Bustad og eigedom. Der står både formuesverdi og berekna marknadsverdi.

Les meir om formuesverdi hos Skatteetaten.

Meiner du formuesverdien er feil?

Formuesverdien skal vere om lag det same som marknadsverdien. Meiner du at verdien er feil, kan du sende endringsmelding til Skatteetaten.

Skatteetaten reknar ut  formuesverdien med utgangspunkt i bustaden sitt areal (P-rom), byggeår, type bustad, beliggenheit og informasjon om bustadar som har blitt selde i kommunen.

Næringseigedom og ubebygd tomt 

Kommunen takserer eigedomen eller tomta og fastset eigedomsskattegrunnlaget.

Eigedomsskatten er 1 promille av grunnlaget.

Slik reknar du ut eigedomsskatten på næringseigedom

Eigedomsskattegrunnlag × 0,001 = eigedomsskatt per år

Lover og forskrifter 

Eigedomsskatten er regulert av eigedomsskattelova.

 

Spørsmål om eigedomsskatt?

Har du spørsmål som du ikkje finn ut av på nettsidene våre om eigedomsskatt? Ta kontakt på dette skjemaet.