Fritak frå eigedomsskatt - § 7

Fritak frå eigedomsskatt - § 7

Ved nokre høve kan ein få fritak etter eigedomsskattelova. 

Fritak etter eigedomsskattelova § 7 a, b og c:

  • § 7a : Eigedom eigd av institusjon, lag eller foreining som blir brukt til allmennyttig formål
  • § 7b : Historiske/freda bygg
  • § 7c  : Nye bustadar dei 2 første åra etter ferdigstilling, inntil formuesgrunnlaget frå Skatteetaten ligg føre

 

Kommunestyret kan årleg gjere enkeltvedtak om fritak etter søknad. For 2026 har kommunestyret gjort vedtak om fritak for eigedomar etter eigedomsskattelova § 7 a, b og c.

Kommunen må handsame alle eigedomar i same kategori likt. Meiner du at ein eigedom skulle hatt fritak og ikkje har fått det, kan du søkje  om dette til kommunen. 

Andre vanlege bustadeigedomar og næringseigedomar vil ikkje få innvilga fritak. 

Slik søker du

 Dette må du ha klart før du søker:

  • Gards-, bruks-, feste - og seksjonsnummer for eigedomen. Dette finn du på eigedomsskattesetelen og fakturaen.
  • Utfyllande informasjon om søknaden.
  • Eventuelle vedtekter til organisasjonen/stiftinga.
  • Eventuelt vedtak om verning/freding av eigedomen.

Dersom du har behov for papirskjema, ta kontakt med kommunikasjonsavdelinga..  

Søknad om fritak etter eigedomsskattelova § 7 

Etter at du har søkt om generelt fritak 

Vi går gjennom søknaden din.  Du må  forvente at det tek litt tid å behandle søknaden. Søknaden skal behandlast av kommunestyret og eit vedtak vil avhengig av møteplanen.

Du får alltid svar på søknaden din. Når saka er ferdig behandla, sender vi deg vedtaket  digitalt. Har du spørsmål undervegs, kan du kontakte eigedomsskattekontoret.

 

Spørsmål om eigedomsskatt?

Har du spørsmål som du ikkje finn ut av på nettsidene våre om eigedomsskatt? Ta kontakt på dette skjemaet.